No er Lillepigge komen ut i hagen! Så no har han eige isolert hus med stove/kjøkken og soverom, tunnel ut, og eigen hage med høgt gjerde rundt!
Her har vi nettopp sett han ut, og putta litt høy oppi.
Og når maten kom på bordet, som består av kattemat og vatn, og med jordbær til dessert, så luska han seg ut av soverommet. På biletet over ser de snuten som stikk fram.
Men når matmor skulle ta bilete gjennom tunnelen, så stakk han innatt, så eg fekk berre med meg rompa!
**************************
Det er litt vemodig og rart å skulle sette han ut, og eg må innrømme det var litt trist også. Men samtidig var det også ein lettelse, å kunne ha han utomhus og at han får lære seg å bu i meir naturlege omgjevnadar.
Så no skal han bu her i gjerdet sitt i 2-3 veker, før gjerdet vert plukka ned. Men han skal få bu i huset så lenge han berre vil. Og vi håper han kjem attende til hausten og går i dvale der i år også.
I dag var det noko rart som skjedde. Vi kika ut vindauge, og vi trudde Lillepigge var ute i gjerdet og luska. Men så såg det ut som han var utanfor gjerdet, og gikk fram og tilbake og snusa oppover gjerdet! I full gallopp sprang vi ned for å sette han oppi att. Men så slo det oss at vi burde sjekke om Lillepigge var inne i huset, for denne her var litt stor...
Og der låg Lillepigge og sov søtt!
Så det var eit anna piggsvin som luska rundt slottet til Lillepigge! Vi tenker oss at det var Bolla Piggsvin som var på friarjakt! Men vi turte no ikkje å setje ho oppi, for det kunne no vore heilt skivebom viss det var eit stort hannpiggsvin! Så vi gav det litt kattemat, og så luska ho vidare etterpå.
Ho kjem nok tilbake!
Ellers får vi hente ho tilbake!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar