Endeleg fekk vi sjå Lillepigge, som fortsatt faktisk er Tjukkepigge!
Etter 5 mnd med soving, og nesten ikkje spising, og ingen "på-do-gåing", så er han fortsatt god og rund! Hurra! :)
Etter 5 mnd med soving, og nesten ikkje spising, og ingen "på-do-gåing", så er han fortsatt god og rund! Hurra! :)

Eg rydda i huset hans, tok vekk skitne aviser og tok med matskåla ned for å gi han ei ny forsyning av kattemat, avokado og vatn.
Når eg kom oppatt på gjesterommet med maten, så var han på veg ut av "soverommet"
Han ante at no var det mat på gong, og eg tok han på fersken då han luska rundt. Endeleg fekk eg sjå han for første gong sidan november!
Han var på jakt etter mat, og eg sette ned skålene til han.
Han ensa meg litt, men var veldig svolten så gav sikkert blaffen.
Men så skulle eg ta bilete, og kom litt for nærme med handa, og då skal du vite at Lillepigge er fortsatt et villdyr! Jøjje meg kor han fresa og pigga seg!!! Eg er fornøgd med det, for han må bli ein villbass når han slepp ut i det fri! Berre "mor" og "far" får nærme seg han, ja!
Eg minner om at skålene er katteskåler, slik de skjønar kor stor han eigentleg er...

Denne laurdagen var det slikt ver at det gjekk an å gå ut utan å fryse ihjel!
Så då fann vi fram materiale og skulle bygge Piggsvingard!
Gjerdestolpar og hønsenetting var tingen, og teltpluggar til å feste nettingen godt ned i jorda.
Vi er ingen ingeniørar eller snikkarar, men det vart ein piggsvingard til slutt!
Det ser no ut som vi skal ha ein pittbull på besøk, men gjerdet er ikkje så stort. Ca 2 x 3,5 meter, og 1 meter høgt.
Vel, her skal vi sette han ut, i trehuset sitt, når veret blir litt varmare.
Vi tenker i neste veke, så det blir spanande og sjå kor det går! :)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar