Ja, då sette eg altså i gang med montering av gassgrill, noko eg har grua meg til sidan 13. april!
Alle sei at dette er noko herk, og ein skal vere 2 stk når ein monterer slikt.
Brukarrettleiingane er som regel uforståeleg, og ein må ta seg god tid og ha god tålmod.
Difor valte eg å montere den aleine, medan Rune var på jobb! Hehe...
Brukarrettleiingane er som regel uforståeleg, og ein må ta seg god tid og ha god tålmod.
Difor valte eg å montere den aleine, medan Rune var på jobb! Hehe...
Slik såg det altså ut halvvegs i utpakkinga og monteringa.
Det var ikkje så verst brukarrettleiing til denne, og eg klarte det heilt på eiga hand!
Ikkje berre med eigne hender, men med eigne skuldre, føter, hender, hovudet, og "rå" muskelkraft og superhjerne(!)
På to (eg gjentek; TO) timar klarte eg å få den ferdig!
Meeeget stolt av meg sjølv, og det fryda meg å sjå augene til Rune når han kom att frå jobb!
Dette var litt meir enn kva han hadde trudd om meg! Hehe!
Ingen av oss har nokon gong prøvd gassgrill før, så det blir litt over middels spanande når vi skal ta den i bruk for første gong.
Gassen er ikkje kopla på, så eg trur vi må gjere det nedst i hagen, langt vekk frå huset! Med vernebriller, hjelm og brannsikre dressar! :)
Så no kan grillsesongen gjerne starte!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar