Rune har rydda på loftet, og sorterte difor alle teikneseriane sine utover på golvet i haugar.
Dette tok no eit par-tre timar, og så gjekk han lei. Så slik såg det ut når han tok kvelden kl 19 og gjekk ned i stua si og høyrte på musikk i staden :)
Så då sat ho der då, utålmodige fru Rotevatn, som ikkje klarer å sjå på slikt utan å blande seg. Sjølv om ho ikkje gidd eller hadde tenkt seg det. Berre MÅ...
Så her var det berre å kategorisere etter typer og årstal, og lage register i excel... Samt ta bilete av dei aller fleste. Ja, ikkje kvart einaste blad, men etter kvar serie samla.

Julehefter er jo populært, og der har vi mange. Gamle er dei også, og dette er berre nokre av dei
Her er det mange gode, artige og gamle teikneseriar som ein samlar ville sett stor pris på! Også andre ikkje-samlarar hadde hatt mange gode underhaldningstimar med desse bunkane!
Dersom nokon er interessert å sjå mitt excellente excel-ark, så er det berre å ta kontakt! Så skal vi bli einige om ein pris :)
Eg har ikkje gjort noko innsats i å få selt dei enno, men det kan hende dei hamnar på Finn om ei stund.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar