mandag 11. februar 2013

Syslerier

I desember byrja eg på eit strikkeprosjekt. Etter ca 1 veke la eg det frå meg, i mangel på tålmod og ork. Alt som tek meir enn 1 veke å bli ferdig med er kjedeleg for meg! Og eg er INGEN strikkar, la det vere sagt!
Men eg tok det fram att i slutten av januar for å prøve bli ferdig, for eg var så lei av den stygge tennbrikett-kassa med prangande fargar.
Slik vart resultatet:
Tennbrikettkassa har fått seg strikkaklede, med knapp!
Vedkorga kjøpte eg på Europris for ei stund tilbake. Synes den var så fin! Men med korger så blir det rot som dryss ut mellom stråa, så eg tilpassa eit babydynetrekk og sydde det i hop slik det vart ein slags pose. Denne kan takast ut av korga og ristast/vaskast når det er behov for det. Synes det var genialt. Trass alt betre enn prangande vedbrikettkasse med flammar på, og ein knall grøn Europrispose med ved!

Men no har eg ingen fleire strikkeprosjekt på gang! No er det stopp med det opplegget.
Vi har lista ferdig ganggolvet i helga, og sei oss særs nøgd med resultatet! No skal vi leve på det i eit par veker før vi kanskje byrjar vidare på å liste i stova og på kjøkkenet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar