Fredag 25. januar vart ein litt annleis dag. På jobb i 15 tida starta "hendinga" som eg kallar den. Eg har i 2-3 år kjent på at hjertet "buldrar og skjelver" inni brystkassa mi, men dette er noko som skjer i ca 5-10 sek over ei 20 min. periode, og med ca 2 vekers mellomrom. Har slått meg til ro med at det er vanleg, det er sikkert ekstraslag eller at det hoppar over eit slag, og det er vanskeleg å få det påvist på EKG når det er såpass lenge mellom kvar gong.
Men denne gongen gav det seg aldri, og det var så voldsomt sterkt. Siste timen på jobb var ikkje meir enn normalt stressfullt, og når eg kjente det så prøvde eg å slappe av og puste roleg. Visste jo at det ville gå over. Men den gang ei.
Rune stod på trappa når eg kom heim, klar med skøyter og termodress .Vi skulle på isen og more oss, så skulle vi spise snop og taco til kvelden og berre kose oss!
Eg ser på han med bekymra auge, og han skjønte med ein gong at noko var galt.
Rune stod på trappa når eg kom heim, klar med skøyter og termodress .Vi skulle på isen og more oss, så skulle vi spise snop og taco til kvelden og berre kose oss!
Eg ser på han med bekymra auge, og han skjønte med ein gong at noko var galt.
Eg forklarte at hjertet sprang gallopp inni brystet mitt, eg var svimmel og uvel. Han tok pulsen på meg på halsen, fekk store auge når han kjente kor urytmisk det var! Heile brystkassa "dirra" og "bobla"
Så då reiste vi på legevakta, og ho sendte meg på sjukehuset. Der vart det påvist ekstraslag ved 2 EKG tester, både på legevakta og på sjukehuset. Så eg vart påkopla ei maskin som skulle måle hjertet over natta.
Tok mange blodprøver som viste seg å vere godkjente. Heldigvis. Men dei må finne ut kva som feila hjertet mitt. Men fredagskvelden fekk eg ingen svar. Så då reiste vi på legevakta, og ho sendte meg på sjukehuset. Der vart det påvist ekstraslag ved 2 EKG tester, både på legevakta og på sjukehuset. Så eg vart påkopla ei maskin som skulle måle hjertet over natta.
Så her set eg i TV-stova aleine, og er veldig redd og føler meg skikkeleg uvel. Her har hjertet galloppert i 8 timar! Og eg er utsleten!
Mørke ringar under augene og veldig bleik
Eg ville ikkje Rune skulle vere med meg, så han sat heime og var bekymra. Men eg var jo på den beste staden etter høvet.
Eg fekk ikkje sovetablett etter kl 2, så eg måtte ligge og høyre på snorkande gamle damer på 90 år (tullar ikkje) som gjekk på do kvar time.
Her er utsikta mi frå senga mi dagen etter:
Hjertet hadde roa seg noko i løpet av natta og føremiddagen, så eg følte meg i litt betre form.
Ein ting er sikkert: Eg er so glad eg ikkje er alvorleg sjuk! Eg låg på same avdeling som kreftpasientar og medisinsk avdeling. Det er ikkje noko kjekt akkurat.
Eg fekk deilleg kyllingfilet på fredagskvelden, og tørr brødskive laurdags morgen. Men dette var laurdagsmiddagen:
Ein ting er sikkert: Eg er so glad eg ikkje er alvorleg sjuk! Eg låg på same avdeling som kreftpasientar og medisinsk avdeling. Det er ikkje noko kjekt akkurat.
Eg fekk deilleg kyllingfilet på fredagskvelden, og tørr brødskive laurdags morgen. Men dette var laurdagsmiddagen:
Risgraut med ein pose kanel/sukker og meierismør. Og appelsinbåtar.
Eg sakna sårt å vere heime og spise godteri og taco ilag med kjærasten min!
Laurdagen i 14 tida. Då var eg i veldig fin form, og skulle koplast av maskina snart.
Konklusjon: Alt er bra med meg altså! Men dei fekk påvist mange ekstraslag. Det er vanleg å ha det av og til. Nokre kjenner dei, andre ikkje. Men når ein kjenner dei så godt som eg gjorde, dei viste jo utanpå jakka, er det fint å få det utreda. Det som var spesielt med meg, og som dei vil finne ut av, er kvifor det var så mange og over så lang tid. Og kvifor dei plutseleg kom på den måten der! Utan noko grunn liksom.
Så eg skal inn igjen på stresstest, altså sykle medan dei måler hjertet, og ta fleire prøver. Så skal eg ha på EKG apparat over fleire dagar heime. Dei vil då kunne teste og sjå om det er noko feil med hjertet, som f.eks på hjerteklaffane eller noko.
Eg fekk reise heim laurdag, og godt var det. Eg var totalt utslitt, men letta og glad. Hjertet hadde roa seg, men kjente buldringa innimellom. Mandag var hoppa borte, og har i skrivande stund ikkje kome igjen heller. (etter to veker)
Einaste var at i tida etterpå så kjente eg press i brystet kvar gong eg vart litt oppkava eller stressa.
Snille Anne som laga bukett til meg. "Hjertebukett"! Det er eit raudt hjertet i botnen som ho har buketten oppi! Fantastisk fin!
Er ikkje så ofte dramatiske ting som skjer med The Rotevatns, så dette vart no eit litt langt innlegg då. Men alt står bra til, og vi håper og trur at det berre var hjertet som tulla litt med meg, og at det ikkje skjer igjen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar