fredag 8. februar 2013

Frå desember til januar på eit blink

No er det altfor lenge sidan eg har gitt livsteikn her inne. Eg har berre vore litt treig å skrive innlegg for tida! Kun latskap som er årsaken!

Sidan desember er det veldig mykje som har skjedd, men ikkje alt like interessant. Bilete seier meir enn ord, så då vel eg og berre legge ut nokre bilete frå siste tida hos The Rotevatns.

Skøytetur 22. des:
Eg tek små "piruettar" og Rune fyk full fart:
Stålis på Rotevatnet som varte i vekesvis! 50 cm tjukk vart det registrert.

Kakao hører med! Mmmm

Jula 2012:
Denne jula var vi aleine her i Volda. Ei stille, fredeleg og god jul. Vi tok lite bileter, men skal seiast at vi kosa oss glugg! Med nye kvite veggar, raude julegardiner på stove og kjøkken, så kom endeleg julepynten min og duppedittane til sin rett! Deileg å vere kvitt dei burgunder og gule veggane!
Først fekk bilen ein vask tidleg julaften medan Askepott flørta med prinsen på tv.
Var så på gravene med kranser og lys. Dit reiste vi igjen i 17 tida når alle andre sat heime og åt julemat. Det er så fint å vere der aleine, og sjå alle lysa som er tent!



Julekamelen som Rune kjøpte til mora når han var liten er alltid på plass:

Her har Rune "pynta tre", sei han! Eg skulle liksom klemme juletreet, men ser ut som eg set oppi det! :) 

Etter julehelga fann eg ut at ej ALDRI skal bruke te-lys fra Nille igjen. Vi tente på maaaange lys, og dagane etter oppdaga vi SOT over alt. På dører, i karmer, på toalett, og bak bilete på veggen! Men ikkje på store flater og sånt. Det er ikkje heksesot iallefall, det var godt å få sjekka ut. Dette var lett å tørke vekk, aldri vore slik før eg kjøpte desse 50 lysa til kr 10,- på Nille.
Ser ei svart ramme rundt der biletet har vore?

I år feira vi nyttårsaftan på sjølve nyttårsaftan. Det er første året Rune ikkje har vore DJ på kanskje 25 år!
Vi hadde meir ingredienser enn kalkun og saus altså! :) Det visast berre ikkje på biletet.

GOD NYTTÅR 
Her stod vi ute og såg på rakkettane og drakk eit glas sjampanje!

Så byrja det nye året da! Eg har fått hjelp til å sette inn dører i innergangen vår, og så la vi golv sjølve i januar. Slik vart det:

Her er skum lagt, og vi har byrja utlegging av første rad. Same type laminat som i entre!

Manglar listverk, men det  var kjempebra!

Og slik var golvet før, brun-oransje korkgolv. Dette er andre enden av L-gangen FØR...

...og ETTER:
No står det berre igjen å liste. Og det er litt av eit puslespel!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar