Ein fantastisk shoppingdag hos Brattvåg Sko!! Følte meg litt eksklusiv og litt VIP når eg kom der rett før stengetid, og søstå mi Cathrin hadde butikken open lenger for meg, berre MEG! Så der gjekk eg rundt og kikka på alle fine og kule sko, og lurte på korleis eg skulle få med meg alle heim i "Renåtten"!
Så eg sette meg i bilen som stod i butikken, og tenkte å henge på alle skoa i den! :)
Så eg sette meg i bilen som stod i butikken, og tenkte å henge på alle skoa i den! :)
Eg skulle ha Ilse Jacobsen støvla, og adidas sko. Det var det eg MÅTTE ha. Må no ha støvla på Sunnmøre, og mine gamle er blitt grøne etter plenslåing (dei var eigentleg kvite med svart mønster) Så eg må ha nokre eg kan bruke til kvardags og til litt "finare bruk" som er gode å gå i og gode for foten. Så då vart det slike:
Ilse Jacobsen, lave! Og dei er i bruk i dag allereie, for her i Volda høljar det ned!
I tillegg måtte eg ha nokre nye adidas sko. Dei er av det slaget som er heilt obligatorisk å ha i skohyllene, og eg berre elskar desse skoa! Kvite!
Dei er sååå god på foten, og dei passar til alt! Et must!
Mine gamle er utsletne, så når Cathrin sa dei hadde fått dei inn i butikken var eg snar å setje dei på innkjøpslista mi.
I tillegg fann eg meg mørkeblå DC sko, og eit par raude "dongeri-sletne" Duffy sko, som eg ikkje har bilete av. Kjempefine! Eg kunne vel ha kjøpt enno meir, men no er iallefall vårskoa innkjøpt!
Cathrin står her bak kassa og har stappa sko og skoprodukt oppi to store posar!
Trur vi vart fornøgde begge to! ;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar