torsdag 28. februar 2013

Shoe shopping

Ein fantastisk shoppingdag hos Brattvåg Sko!! Følte meg litt eksklusiv og litt VIP når eg kom der rett før stengetid, og søstå mi Cathrin hadde butikken open lenger for meg, berre MEG! Så der gjekk eg rundt og kikka på alle fine og kule sko, og lurte på korleis eg skulle få med meg alle heim i "Renåtten"!

Så eg sette meg i bilen som stod i butikken, og tenkte å henge på alle skoa i den! :)
Eg skulle ha Ilse Jacobsen støvla, og adidas sko. Det var det eg MÅTTE ha. Må no ha støvla på Sunnmøre, og mine gamle er blitt grøne etter plenslåing (dei var eigentleg kvite med svart mønster) Så eg må ha nokre eg kan bruke til kvardags og til litt "finare bruk" som er gode å gå i og gode for foten. Så då vart det slike:
Ilse Jacobsen, lave! Og dei er i bruk i dag allereie, for her i Volda høljar det ned!

I tillegg måtte eg ha nokre nye adidas sko. Dei er av det slaget som er heilt obligatorisk å ha i skohyllene, og eg berre elskar desse skoa! Kvite!

 Dei er sååå god på foten, og dei passar til alt! Et must!
Mine gamle er utsletne, så når Cathrin sa dei hadde fått dei inn i butikken var eg snar å setje dei på innkjøpslista mi.

I tillegg fann eg meg mørkeblå DC sko, og eit par raude "dongeri-sletne" Duffy sko, som eg ikkje har bilete av. Kjempefine! Eg kunne vel ha kjøpt enno meir, men no er iallefall vårskoa innkjøpt!

Cathrin står her bak kassa og har stappa sko og skoprodukt oppi to store posar!

Trur vi vart fornøgde begge to! ;)

torsdag 21. februar 2013

Teikneserier til glede og besvær?

Rune har rydda på loftet, og sorterte difor alle teikneseriane sine utover på golvet i haugar.

Dette tok no eit par-tre timar, og så gjekk han lei. Så slik såg det ut når han tok kvelden kl 19 og gjekk ned i stua si og høyrte på musikk i staden :)
Så då sat ho der då, utålmodige fru Rotevatn, som ikkje klarer å sjå på slikt utan å blande seg. Sjølv om ho ikkje gidd eller hadde tenkt seg det. Berre MÅ...
Så her var det berre å kategorisere etter typer og årstal, og lage register i excel... Samt ta bilete av dei aller fleste. Ja, ikkje kvart einaste blad, men etter kvar serie samla.


Det er mest av Billy og Donald, men også andre artige klassikarar




Julehefter er jo populært, og der har vi mange. Gamle er dei også, og dette er berre nokre av dei 


I tillegg er her ein del gamle cowboy-, indianar- og krigsserier. Eigentleg det meste.

Her er det mange gode, artige og gamle teikneseriar som ein samlar ville sett stor pris på! Også andre ikkje-samlarar hadde hatt mange gode underhaldningstimar med desse bunkane!

Dersom nokon er interessert å sjå mitt excellente excel-ark, så er det berre å ta kontakt! Så skal vi bli einige om ein pris :)
Eg har ikkje gjort noko innsats i å få selt dei enno, men det kan hende dei hamnar på Finn om ei stund.

torsdag 14. februar 2013

Happy Valentine

I dag er det Valentines day, og det bryr vi i The Rotevatns oss fint lite om! Vi bruker ikkje kjøpe gåver og kort til kvarandre denne dagen, av reint prinsipp!
Men Rune jobbar på ungdomsklubben og der laga dei i går Valentine kort! Rune skulle då ikkje vere noko dårlegare enn andre, og gjorde kjempeinnsats i å lage kort til meg!
Han brukte klistremerker, holmaskin med mønster...

Og inni var det stempel, eit roseblad med sikkerheitsnål med perler på, og ei klubbe!
Teksten: "Super wife"   - "Blakk" med pil på rosebladet og klubba, og
"I did my best"

Eg heldt på å le meg ihjel, men god latter! Det var så nusseleg og koseleg, og eg vart brått 13 år igjen følte eg! :)
Ei klubbe og eit roseblad festa på eit så artig kort betyr meir enn dyre roser og smykkerier!


På jobb i dag fekk gutta ei skål med Valentinesnoperier av meg!
Hjerter, munner og sweethearts!

Må no nesten feire dagen LITT da! :) :)

Kan no kanskje vise kor snille DEI er mot meg også da!

Denne "reisekista" (erstattar den gamle flykofferten) fekk eg når gutta var på messe og konferanse i Oslo.
Eg sa som spøk når dei reiste at dei måtte kjøpe med seg ein flykoffert til meg! Og det fekk eg! :)

mandag 11. februar 2013

Syslerier

I desember byrja eg på eit strikkeprosjekt. Etter ca 1 veke la eg det frå meg, i mangel på tålmod og ork. Alt som tek meir enn 1 veke å bli ferdig med er kjedeleg for meg! Og eg er INGEN strikkar, la det vere sagt!
Men eg tok det fram att i slutten av januar for å prøve bli ferdig, for eg var så lei av den stygge tennbrikett-kassa med prangande fargar.
Slik vart resultatet:
Tennbrikettkassa har fått seg strikkaklede, med knapp!
Vedkorga kjøpte eg på Europris for ei stund tilbake. Synes den var så fin! Men med korger så blir det rot som dryss ut mellom stråa, så eg tilpassa eit babydynetrekk og sydde det i hop slik det vart ein slags pose. Denne kan takast ut av korga og ristast/vaskast når det er behov for det. Synes det var genialt. Trass alt betre enn prangande vedbrikettkasse med flammar på, og ein knall grøn Europrispose med ved!

Men no har eg ingen fleire strikkeprosjekt på gang! No er det stopp med det opplegget.
Vi har lista ferdig ganggolvet i helga, og sei oss særs nøgd med resultatet! No skal vi leve på det i eit par veker før vi kanskje byrjar vidare på å liste i stova og på kjøkkenet.

fredag 8. februar 2013

Sjukehusbesøk

Fredag 25. januar vart ein litt annleis dag. På jobb i 15 tida starta "hendinga" som eg kallar den. Eg har i 2-3 år kjent på at hjertet "buldrar og skjelver" inni brystkassa mi, men dette er noko som skjer i ca 5-10 sek over ei 20 min. periode, og med ca 2 vekers mellomrom. Har slått meg til ro med at det er vanleg, det er sikkert ekstraslag eller at det hoppar over eit slag, og det er vanskeleg å få det påvist på EKG når det er såpass lenge mellom kvar gong.

Men denne gongen gav det seg aldri, og det var så voldsomt sterkt. Siste timen på jobb var ikkje meir enn normalt stressfullt, og når eg kjente det så prøvde eg å slappe av og puste roleg. Visste jo at det ville gå over. Men den gang ei.
Rune stod på trappa når eg kom heim, klar med skøyter og termodress .Vi skulle på isen og more oss, så skulle vi spise snop og taco til kvelden og berre kose oss!
Eg ser på han med bekymra auge, og han skjønte med ein gong at noko var galt.
Eg forklarte at hjertet sprang gallopp inni brystet mitt, eg var svimmel og uvel. Han tok pulsen på meg på halsen, fekk store auge når han kjente kor urytmisk det var! Heile brystkassa "dirra" og "bobla"

Så då reiste vi på legevakta, og ho sendte meg på sjukehuset. Der vart det påvist ekstraslag ved 2 EKG tester, både på legevakta og på sjukehuset. Så eg vart påkopla ei maskin som skulle måle hjertet over natta.
 Tok mange blodprøver som viste seg å vere godkjente. Heldigvis. Men dei må finne ut kva som feila hjertet mitt. Men fredagskvelden fekk eg ingen svar.
Så her set eg i TV-stova aleine, og er veldig redd og føler meg skikkeleg uvel. Her har hjertet galloppert i 8 timar! Og eg er utsleten!


Mørke ringar under augene og veldig bleik
Eg ville ikkje Rune skulle vere med meg, så han sat heime og var bekymra. Men eg var jo på den beste staden etter høvet.
Eg fekk ikkje sovetablett etter kl 2, så eg måtte ligge og høyre på snorkande gamle damer på 90 år (tullar ikkje) som gjekk på do kvar time.
Her er utsikta mi frå senga mi dagen etter:  
Hjertet hadde roa seg noko i løpet av natta og føremiddagen, så eg følte meg i litt betre form.
Ein ting er sikkert: Eg er so glad eg ikkje er alvorleg sjuk! Eg låg på same avdeling som kreftpasientar og medisinsk avdeling. Det er ikkje noko kjekt akkurat.
Eg fekk deilleg kyllingfilet på fredagskvelden, og tørr brødskive laurdags morgen. Men dette var laurdagsmiddagen: 

Risgraut med ein pose kanel/sukker og meierismør. Og appelsinbåtar.

Eg sakna sårt å vere heime og spise godteri og taco ilag med kjærasten min!


Laurdagen i 14 tida. Då var eg i veldig fin form, og skulle koplast av maskina snart.

Konklusjon: Alt er bra med meg altså! Men dei fekk påvist mange ekstraslag. Det er vanleg å ha det av og til. Nokre kjenner dei, andre ikkje. Men når ein kjenner dei så godt som eg gjorde, dei viste jo utanpå jakka, er det fint å få det utreda. Det som var spesielt med meg, og som dei vil finne ut av, er kvifor det var så mange og over så lang tid. Og kvifor dei plutseleg kom på den måten der! Utan noko grunn liksom.
Så eg skal inn igjen på stresstest, altså sykle medan dei måler hjertet, og ta fleire prøver. Så skal eg ha på EKG apparat over fleire dagar heime. Dei vil då kunne teste og sjå om det er noko feil med hjertet, som f.eks på hjerteklaffane eller noko.
Eg fekk reise heim laurdag, og godt var det. Eg var totalt utslitt, men letta og glad. Hjertet hadde roa seg, men kjente buldringa innimellom. Mandag var hoppa borte, og har i skrivande stund ikkje kome igjen heller. (etter to veker)
Einaste var at i tida etterpå så kjente eg press i brystet kvar gong eg vart litt oppkava eller stressa.

Snille Anne som laga bukett til meg. "Hjertebukett"! Det er eit raudt hjertet i botnen som ho har buketten oppi! Fantastisk fin!

Er ikkje så ofte dramatiske ting som skjer med The Rotevatns, så dette vart no eit litt langt innlegg då. Men alt står bra til, og vi håper og trur at det berre var hjertet som tulla litt med meg, og at det ikkje skjer igjen.

Frå desember til januar på eit blink

No er det altfor lenge sidan eg har gitt livsteikn her inne. Eg har berre vore litt treig å skrive innlegg for tida! Kun latskap som er årsaken!

Sidan desember er det veldig mykje som har skjedd, men ikkje alt like interessant. Bilete seier meir enn ord, så då vel eg og berre legge ut nokre bilete frå siste tida hos The Rotevatns.

Skøytetur 22. des:
Eg tek små "piruettar" og Rune fyk full fart:
Stålis på Rotevatnet som varte i vekesvis! 50 cm tjukk vart det registrert.

Kakao hører med! Mmmm

Jula 2012:
Denne jula var vi aleine her i Volda. Ei stille, fredeleg og god jul. Vi tok lite bileter, men skal seiast at vi kosa oss glugg! Med nye kvite veggar, raude julegardiner på stove og kjøkken, så kom endeleg julepynten min og duppedittane til sin rett! Deileg å vere kvitt dei burgunder og gule veggane!
Først fekk bilen ein vask tidleg julaften medan Askepott flørta med prinsen på tv.
Var så på gravene med kranser og lys. Dit reiste vi igjen i 17 tida når alle andre sat heime og åt julemat. Det er så fint å vere der aleine, og sjå alle lysa som er tent!



Julekamelen som Rune kjøpte til mora når han var liten er alltid på plass:

Her har Rune "pynta tre", sei han! Eg skulle liksom klemme juletreet, men ser ut som eg set oppi det! :) 

Etter julehelga fann eg ut at ej ALDRI skal bruke te-lys fra Nille igjen. Vi tente på maaaange lys, og dagane etter oppdaga vi SOT over alt. På dører, i karmer, på toalett, og bak bilete på veggen! Men ikkje på store flater og sånt. Det er ikkje heksesot iallefall, det var godt å få sjekka ut. Dette var lett å tørke vekk, aldri vore slik før eg kjøpte desse 50 lysa til kr 10,- på Nille.
Ser ei svart ramme rundt der biletet har vore?

I år feira vi nyttårsaftan på sjølve nyttårsaftan. Det er første året Rune ikkje har vore DJ på kanskje 25 år!
Vi hadde meir ingredienser enn kalkun og saus altså! :) Det visast berre ikkje på biletet.

GOD NYTTÅR 
Her stod vi ute og såg på rakkettane og drakk eit glas sjampanje!

Så byrja det nye året da! Eg har fått hjelp til å sette inn dører i innergangen vår, og så la vi golv sjølve i januar. Slik vart det:

Her er skum lagt, og vi har byrja utlegging av første rad. Same type laminat som i entre!

Manglar listverk, men det  var kjempebra!

Og slik var golvet før, brun-oransje korkgolv. Dette er andre enden av L-gangen FØR...

...og ETTER:
No står det berre igjen å liste. Og det er litt av eit puslespel!