Etter vi har fått kjøkkeninnreiing så passa ikkje lenger gardinene til vindauga mine.
Så no måtte eg til pers og leite fram symaskina mi som eg har arva etter mi kjære mormor, slik eg kunne sy dei om.
Dette er ei Singer symaskin av beste slag frå 1964, og det er ei ære å få arve denne!
Mormor var ei kjempeflink sydame, og denne maskina har fått køyrt seg opp igjennom åra.
Så det var med litt skrekkblanda fryd at EG skulle leite den fram og pusse støv fra den og byrje å sy med denne.
Det skal seiast at eg ikkje har sydd ein cm sidan ungdomsskulen! Hugsar berre at tråden floka seg, at eg ikkje fekk til å tre tråden på maskina, og det var noko med å sy framover og bakover. Ikkje alt ei sydame bør kunne akkurat.
Så det er ei lukke at det fulgte med brukarrettleiing og idebok.
Og bra at eg tenkte på førehand at eg treng symaskintråd i kvit, og knappenåler.
Byrja med at eg fann lysbrytaren på maskina! :)
Og det var ingen kvit tråd på spolane, så eg måtte til å spole på tråd, eller kva det heiter. Og det var ikkje berre berre. Men det gjekk på eit vis!
Om det var rett veit eg ikkje, men tråd på spolen vart det.
Så var det kunsten med å tre maskina. Det er jo reine skjere ingeniørvitskap å kunne det. Då var det godt med ei brukarrettleiing frå 1964 med bilete og forklaring.
Og korleis i alle dagar ein får opp undertråden ved å snurre hjulet slik nåla går ned og får med seg tråden oppatt? Det er eit mysterium for meg enno. Men det fungerer visst slik! :)
Tenkte eg skulle sy ein saum på ein koppehandduk som hadde rivna i saumen. Må byrje i det små.
Maskina fungerte som berre det!
Og det vart no ein saum som held!
Men minna frå ungdomsskulen kom tilbake når eg såg kor det floka seg! Måtte stille inn litt på noko greier på maskina, og då gjekk det betre.
Her er eit døme frå Idèboka. I kjent 60-tals stil! :)
Etter å ha brukt måleband, blyant, knappenåler og ein treplank som linjal, så vart det jo nokonlunde til slutt!
Dette var noko anna enn hårstrikk som eg sydde på skulen!
Trur eg likte sløyd best...!
Ikkje store utfordringa for dei kunnige, men for meg er dette eit kunstverk som eg laga ila 3 timar!
Neste utfordring var lisjevindauget. Der kan eg ikkje ha gardinstang, og det er så lite at eg må ha gardina litt oppå veggen, slik eg ikkje dekker heile ruta.
Her var google til hjelp med tips, og eg fann ut at ein roll-up var ideelt her!
Med 2 stk avsaga golvlister på langs, så klarte eg altså å knote til ein alldeles heilt grei roll-up. :)
Konklusjonen er:
Ja, med ei god maskin og litt kreative løysingar, så kan dei fleste klare å sy gardiner.
Men eg trur ikkje det blir raude julegardiner i år, for eg orkar ikkje sy om eit sett til.
Det får berre vere slik, så kan eg pynte med raude hjerter eller noko!
Til mamma: