Jaggu starta eg ikkje med litt konfektbaking i går!
Fekk litt aleinetid, vart prega av redsel for stormen som herja, og sette på høg musikk for å overdøyve knirk og blæst, og starta "prosjekt baileyskuler"!
Og måtte sjølvsagt smake på baileysen!
Desse kulene lagar eg av marsipan (Odense) og hakka mandlar. Blandar dette ilag med nokre spiseskeier med baileys (valfritt mengd, men eg brukte 3-4 ss.)
Så trilla eg dei i små kuler og då er det klart for sjokoladetrekket.
Så trilla eg dei i små kuler og då er det klart for sjokoladetrekket.
Då smeltar eg 100 gram melkesjokolade med litt delfiafett, dupper kulene i dette og rullar dei i O'boy og legg på eit fat. Set dei på avkjøling, og voilà, klar til servering.
Her er dei klar til avkjøling.
Desse skal eg lage fleire av, mamma! :) Veit du likar desse!
Desse skal eg lage fleire av, mamma! :) Veit du likar desse!
Eg prøvde meg på noko nytt også, Sara Bernard!
Desse vart eg ikkje heilt ferdig med i går, men dei ligg klar i frysen for å duppe i sjokolade.
Desse vart eg ikkje heilt ferdig med i går, men dei ligg klar i frysen for å duppe i sjokolade.
Her fuska eg og brukte ferdig kransekakedeig som eg laga små "knappar" av og steikte i omnen. Kanskje litt for mykje, men betre lykke neste gong.
Så laga eg sjokoladekrem og sprøyta ein topp på kvar og ein knapp.
Desse skal eg dyppe i 70% kokesjokolade og eg håper dei vert så gode som folk snakkar om!
Så laga eg sjokoladekrem og sprøyta ein topp på kvar og ein knapp.
Desse skal eg dyppe i 70% kokesjokolade og eg håper dei vert så gode som folk snakkar om!
Eg skal legge ut eit bilete dersom det vert suksess.
Inntil då kan de berre sjå for dykk nokre deilige sjokoladetoppar som smakar som ein draum, og som for øvrig ser heilt perfekt ut! Reknar med det er slik det blir! :)
Inntil då kan de berre sjå for dykk nokre deilige sjokoladetoppar som smakar som ein draum, og som for øvrig ser heilt perfekt ut! Reknar med det er slik det blir! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar