torsdag 31. oktober 2013

Så er det på'an igjen!

Så er det vel på tide å ta i eit ekstra tak på trening igjen?
(I garderoba etter ei treningsøkt i oktober)

Off, sukk og stønn! Det er ikkje lett etter så lang treningspause. Hadde jo slik virusgreier i kroppen i vår, noko som gjorde at eg vart så dårleg av å trene. Så då tok eg treningsfri frå seinvår og i sommar, medan viruset skulle gjere seg ferdig og forsvinne. Noko eg ikkje merka noko av på fleire månader! Det gjekk så seint ut av kroppen at det var heilt merkeleg. Berre ein liten "knaus-tur" på fjellet gjorde at eg fekk hovudverk og fekk feberverk i kroppen. Det var så kjedeleg, men må innrømme at å reise rett heim etter jobb og ikkje innom treningsstudio var ikkje så veldig ekkelt det heller ei priode!

Men når hausten kom, så gjekk det betre med kroppen, og då hadde eg liksom ingen grunn lenger til å ikkje trene. Så eg byrja på'an igjen i september, med skrekkblanda fryd. Frå å før ha trent jamnleg 3-4 gongar i veka, så byrjar eg denne gong med 2 gongar i veka. Det er eit blodslit, for eg må byrje heilt på nytt!

 Forutan kondisjonstrening med variasjon på enten elipsemaskin, spinningsykkel eller tredemølle, så trener eg i hovudsak mage/rygg, rumpe, lår og armar med styrkeapparat.
Med musikk på øyrene så hjelp det veldig på motivasjonen. Det er for meg eit
"må ha".
Og sidan det er via telefonen eg høyrer musikk, så turte eg å snikfotografere eit bevis på at eg har trent så svetten renn! :)
Her på ein sykkel! Sliten gitt! Tjoho!!!

Det er deilig å sleppe å trene på fredagar, så eg prøver å legge opp treningane til dei andre dagane i veka. Det er så godt å berre reise heim etter jobb og berre verkeleg gripe helga!

Ha ein god dag! 
Helsing ei med gangsperre!  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar