torsdag 26. desember 2013

Desember med baking, julebord og juleselskap


Eg og Elisabeth lånte kjøkkenet til jobben min i år også. Dessverre kunne ikkje Anne vere med i år :(Men neste år blir det! :)


Leo var også med, og han gikk rundt og lukta på dei gode duftene, og på hjortesaltet... 
Vi baka julemanna etter mormor si oppskrift i år også, og det vart som alltid ein suksess!
Dette har vorte ein tradisjon, og eg håper den vil fortsette for alltid!

Som alltid har eg og Rune eit eige julebord. Dette er også blitt ein tradisjon!
I år vart det ikkje julebord med jobbane våre, så då vart det berre julebord med "Dj Rune AS". Så han inviterer alle tilsette med følge, det vil sei Dj Rune med følge! :)
 
Vi hadde sjampis som velkomstdrink, spiste pinnekjøt, Rune talte (noko som vart slik som "Velkommen til bords, takk for i år" etterfulgt av eit djupt bukk. Det var julemusikk, både fin og merkeleg. Sidan det ikkje vart julebord med jobbane i år, så gjekk vi glipp av den fantastiske musikken som brukar å vere på hotell.(!) Difor hadde han ordna med "syntiseiser-dinki-dinki-julemusikk, som var heilt utruuuuleg stygt!! Berre for at vi skulle få kjensla av å vere på hotell. Men den musikken vart skifta etter ein låt.
Eg fekk ikkje ølbongar i år, men det var greit for det var fri bar!
 
Vi hadde juleverkstad i ca 15 min også, og her er resultatet.
 



 
8. desember var vi invitert til Vatne i juleselskap. Der samlast vi i familien, og mamma diska opp med fantastisk mat!
Deileg gryterett, salat, loff, vestkystsalat, all mogleg spekemat, laks, eggerøre, "reke-rand", småkaker, julekaker, sjokolademousse-kake, marsipankake, og sikkert meir som eg ikkje kjem på akkurat no. Cathrin hadde med brownies og vaniljeiskake, og Laila rosa cupcakes! Og alle bord var fylt med julegodteri og frukt.
Og eg? Eg kom med nokre julemanna!!!! hehehe!
Men tenk, ALT dette har mamma stelt i stand, og vi er altså berre 8 vaksne, 4 tenåringar og 2 småjenter. Det var nok mat til tredobbelt så mange! Men slik er det i sunnmørske juleselskap. Eg er iallefall vant til det slik! :) Skal ikkje stå på mat hos mamma! 



Skulle ein snartur ut i bilen, og hoppa oppi nokre sko og tok på ei tilfeldig jakke.
Tenk dette er tantegutane mine sine kle!? Dei veks frå meg!!

Det er alltid så godt å kome heim åt ho mor og han far! Sjølv om ein er blitt vaksen og har laga seg ein ny heim med eigne familiar, så er alltid "heim" heime hos mamma og pappa. Det er kanskje ikkje så rart, men den kjensla er iallefall uansett veldig god.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar