Siste fredag før juleferien har vi alltid julegraut og avslutning på jobben min.
Det er har blitt fleire og fleire tilsette siste åra, så kjøkkenet byrjar å bli for lite for slike samlingar. Men det er alltid så kjekt, og vi har julegraut med mandel, loddtrekning av diverse gaver og premieutdeling av to syklar til det byggelaget som har fått best resultat på tettheitsmålingar.
Så er det julegåveutdeling, bileteframsyning og sosialt resten.
Eg brukar som regel ikkje å sitje så stille på desse samlingane, og spring litt rundt. Men i år var det heilt greit, for det var fullt rundt bordet likevel.
Og her sat altså eg! Hahaha! Ikkje fordi eg måtte altså, berre på gøy!
God Jul!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar