3. november var det stemming av årets tilsett hos Mesterhus Sunnmøre 2013. Det var avstemming for alle 40 tilsette i bedrifta, og den som vart kåra som vinnar var MEG!? Heilt uventa, overraskande, rørande og kjekt!
Dette var på grunnlag av
sosiale høve, dyktigheit, humør, kunnskap og trivsel, eller ganske enkelt fordi personen fortenar det.
Det er utruleg kjekt å bli sett pris på av mine kollegaer, og eg både flira og grein når eg fekk den!
Så vi feira etterpå med kake og brus!
Eg er no veldig glad i "gutta mine" da, så det var gøy å få slike tilbakemeldingar.
"Vann med overveldande fleirtal, fantastisk person, set stor pris på måten du er på, person som aldri seier nei, og gjer alltid det lisje ekstra for å sette pris på den som er nær deg" - var ord som vart nemnd.
Eg må sei at dette vart veldig til eit skryteinnlegg. Eg er ikkje heilt vant med å få slike tilbakemeldingar og er dårleg på å takle dei. Men når eg har tenkt meg om så måtte eg berre skryte litt her! :)
Prisen er ein tommestokk som er belagt med ekte gull!
Kjempefin! (Den er låst inne! - tilfelle nokon lurer!) hehe!
Kjempefin! (Den er låst inne! - tilfelle nokon lurer!) hehe!
I tillegg fekk eg sjokolade og ei flaske vin frå to av gutta!
Nei dette var gøy!! :) :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar