6. mai, Helene vart konfirmert.
Eg og Rune budde på Brattvåg hotell for anledninga, og fekk leige ei av suitene der. Eg må berre nytte høve og skryte av hotellet, kor fint og flott det har vorte sidan eg jobba der for x år sidan. (13?)
Ein liten men viktig detalj:
Og på bordet stod der ein varm (kald?) velkomst til oss, men det var nok ikkje frå hotellet men frå snille søstå mi Cathrin. Som takk for hjelpa med ein film eg redigerte til den store dagen.
Og som alltid når ein skal ha bunad på, så slit ein med å vaske bunadskjorte, skylje, tørke, dynke, stryke på innsida og utsida, og å bevare den fin til du skal ha den på. Så går det 2 minutt og så er den krøllete likevel.
Høgt heng den, og sur på den var eg! Men gjekk no greitt i år også, til og med etter transport frå Volda til Brattvåg.
Mamma laga vakre blomsterdekorasjonar som pynta gåvebord og andre borda. Ikkje vanskeleg å sjå at temaet var sommarfugl kanskje? Dei var så fine at det var ikkje til å tru. Så ein måtte berre forevige dei med mange bilete! (Dette var heime hos Cathrin, ikkje i festlokalet)
Og søndagsmorgon var The Rotevatns klare for kyrkje og konfirmasjon.
Helene tene lys...
...og vart konfirmert. Og tanta tåra... som vanleg!
Festen var på hotellet, og her er Helene ved gåvebordet:
Heile familien Skjelten
Stolt tante og onkel
Go'jenta til tanta si det!
Var ei stolt mormor og ein stolt morfar også!
Og kakebordet var som det brukar å vere på Sunnmøre; overfylt! Dei måtte hente fleire bord, og eg trur faktisk det var ei halv kake per person, utan å overdrive. Her har dei ikkje sett fram alle heller.
Nydeleg god mat!
Til og med tante Alice fekk 10 vaksenpoeng for å stille med heimelaga oreo-kake!
(Poeng som eg har gitt meg sjølv...)
Nydeleg god mat!
Til og med tante Alice fekk 10 vaksenpoeng for å stille med heimelaga oreo-kake!
(Poeng som eg har gitt meg sjølv...)
Hei, så flott !! Her er det flid og anlegg, kjempebra
SvarSlett