fredag 25. mai 2012

Lysare tider!

No er alle taka i hovudetasjen ferdigmåla, og dei er så kvite og fine! :) Det har teke meg lang tid, med verkande skuldre og nakke. Men trur det var verdt strevet når eg ser på resultatet.

Her er eg HEILT FERDIG! I dobbel forstand! Når ein ser på fargane og rotet, så har ein vel ei viss forståing for at her må det bli endringar! ;)

Det som berga meg i innspurten var god hjelp fra snille Anne! Ho har vore hos meg 3 kveldar og hjelpt meg med spisestovetaket! TAKK ANNE!
Siste strøket tok vi fredags ettermiddag. Og sidan vi skulle på fest seinare, så vart det siste strøket fortare ferdig enn dei to første! Hehe! Og vi tok ei velfortjent selebrations pils i det vi pakka vekk penslane!
Mmmm...! Vel fortent!
HURRA! Taket trykke meg ikkje nedi golvet lenger!

Og så har vi altså så smått begynt å kle veggane med ferdigmalte (!) panelplater! Kvite plater på stova, og caffe-latte plater, som vi skal male LYS grå, på kjøkkenet. Vindauga er fora ut, og eg har fått blomsterbrett i det store vindauget på stova. DEN forskjellen!
Før:
Etter:
Gleder meg til resten kjem på plass!
Før:
Etter:
Her står blomsterbrettet i press, men no er plankane vekke, og eg har fuga og måla listene, slik at blomane er komen på plass! Kjempekos!
No må vi berre bli ferdige med alle andre veggane, så skal det bok bli både gardiner og møblering.

Ein ting er sikkert: Ting tek tid i store bedrifter!
Som hos The Rotevatns!
Men fint blir det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar