Veke 21 har vore ei fantastisk veke. Det har vore SOMMAR i Volda! 26-27 grader i skuggen, og strålande sol!
Då er det berre å byrje på prosjekt hage og blomar!
Rune har klipt penen 2 gongar i år, og eg har ordna med 1 stk potteplante på trappa!
Med ei lita vindmølle i.
Rune har klipt penen 2 gongar i år, og eg har ordna med 1 stk potteplante på trappa!
Med ei lita vindmølle i.
Det får rekke i første omgong.
Fredag 25. mai besøkte eg mamma, pappa, Brita og Hans Inge på campingplassen i Sæbø. Når eg kom hadde sola nettopp gått ned bak dei høge snøkledde fjella, og varmegradene sank sakte, men sikkert.
Ein veldig fin plass inn i fjorden, mellom høge fjell og dalar!
Det var veldig kjekt å få treffe mamma og pappa igjen, og mamma tok morsrolla på alvor. Ho var så redd for at vesle jenta hennar "Lise-mor" skulle fryse og bli sjuk. Så eg vart pakka på med både teppepose, pledd, jakke, strikka teppe, og fekk varm kaffe attåt. Og potetgull og sjokolade, og alt eg måtte ønske!
Trur ikkje eg hadde komt meg ut av denne klasen uten hjelp! Men her sat eg faktisk veldig godt!
Trass i over 20 grader på dagtid samme dag, og ca 27 grader dagen etter, så var det vel omtrent 10 denne kvelden. Men campingturistar veit å kle seg. Så her var det både varme klede, ullpledd og til og med termodress! Og med litt godt, leskande i kroppen i tillegg,
så hjalp det vel på det også for dei fire andre :)
Her har mamma floka seg inn i teppepose og pledd
Her er pappa med eit tynt fleecepledd, Hans Inge i termodress og Brita dekt i ull!
Eg hadde det iallefall kjekt på campingkveld på Sæbø med denne gjengen, og flira godt gjennom heile kvelden
Dagen etter var det nok berre shorts og t-skjorte tenker eg!
Deilege sommaren på Sunnmøre!
Måndag 28. mai sank temperaturen med 20 grader!! Heilt utruleg for ein forskjell! Så vart det altså haust igjen. Eller iallefall tidleg vår. Sånn er det berre her i bygda.
Eg og Rune har fått låne verktøy til onsdag, så i går sette vi i gang og plate vidare på veggane våre. Det blir det blir! Det blir kvitt og fint! :)
Eg måla opp og måtte leite fram den praktiske, logiske og kreative delen av hjerna mi... (jada, der er ein liten del av det, tenk!)
Med riktig, godt og tilrettelagt utstyr så gjekk det som ein draum!
Vi måtte sei oss ferdige når det vart mørkt, og etter 23.00, sidan kompressor og sag bråkar litt vel mykje ei tysdagsnatt. Men litt lenger på veg kom vi oss da!
Litt av kjøkkenet:
No er det berre å tinge utstyr igjen ein annan kveld, og hugse på bor til å skjere ut for kontakter, så kjem vi oss enno eit steg vidare!
Oh lykke! I mellomtida: Måling av dei oppkomne kjøkkenveggane.
Farge "Frost" (lys-lys grå)
To be continued...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar