torsdag 10. mai 2012

Fest hos naboane

Laurdag 28. april var vi invitert på fest hos naboane, våre kjære islendingar! Thröstur hadde bursdag dagen etter, og vi måtte jo feire litt.

Eg hadde med meg rosa "prinsessecupcakes" i høve bursdagen hans, men der hadde dei diska opp med eigen mat. Fantastiske smørbrød! På desse hadde dei både bacon, leverpostei, noko "portvin med oksekjøttsjy-saus-gele greier", pepperrot, og mykje snacks på. KJEMPEGODT! Det andre smørbrødet var med ørret frå Lofoten, med egg, tomat og dill og dall på! Nydeleg! Og til slutt; ei fantastisk god kake med is og krem. Imponerande saker!

 Thröstur er kokk

Haraldur imiterar "hovmesteren"
Rune er ikkje glad i kaker, men fekk spesialdessert av berre jordbær!
Medan eg fekk full pakke :o)
Anton og Omar

Islendingane er flinke både som snikkarar og som kokkar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar