Eg bryr meg ikkje so hardt om å feire 17. mai, og ser heller på 8. mai som ein flaggdag og fridag enn f.eks 1. mai. Men klart, det er kjekt med ein fridag, med norske flagg og å få lov å ete so mykje is og godteri ein berre vil. Iallefall som barn. Og då gjeld det også for meg. Det er jo ein fin dag, og Noreg fekk si eiga grunnlov osv.
Men hos The Rotevatns så ser vi ikkje behovet for å kle oss opp så mykje og gå i barnetog, folketog og andre tog. Eller jo, det kan vere kjekt så lenge sola skin og det er varmt. Men i år var det 7 grader, vind, og kaldt.
Så då feira vi heller heime i bobla vår.
Men som sagt, is og godteri er viktig. Og er ein barn til sinns så må ein få utfalde seg også til ein viss grad.
Så eg hadde kjøpt inn eit ringspel for anledninga. Eg hugsar eg var ein kløppar i å kaste gummiringar på brusflaske når eg var lita, så her skulle suksessen gjentakast. Men i staden for brusflasker, så kjøpte eg inn importøl på polet.
EG skulle vinne ALLE!
Men Rune er eit konkurransemenneske, og gode premiar er ikkje å forakte heller! Så her vart det konkurranse med full konsentrasjon og alvor!
OG han traff. Igjen og igjen... Bryska seg no!
Den siste boksen var umogleg å treffe, så vi tøysa litt med den.
Var ikkje akkurat slik han vann den, men det var HAN som vann den på ordentleg til slutt!
Eg vann 1 flaske...
Litt dårleg tapar er eg, for eg såg for meg ein samvirkelagspose full med flasker i premie, sånn som det var i gamledagar. Og i tillegg smakte mi øl PØKK! Ugh!
Men snille-Rune kunne ikkje la drittunge-Alice surmule, så ho fekk eine øla hans. Som var fantastisk god! Thailands faktisk. Hmm... Så då fekk vi litt premiar kvar då, og 17. mai vart redda i år også!
HURRA!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar