lørdag 28. april 2012

Ny hårfarge

I dag har eg vore hos frisøren. Eg ville ha lysare brunt hår til sommaren. Burde vel ta hintet at det kanskje ikkje er lurt, når det snøa lommetørkle ute i dag! Er ikkje sommar heilt enno.
Men eg har prøvd fleire gongar å få lysare hår, utan å bli blondine, med og utan hell.
Slik sånn ca såg eg ut før frisørtimen:

Hos frisøren så vart det hettestriping over heile håret. Jøjje meg kor låkt det va!! Auuu! Det var rett og slett grusomt! Og frisøren sa ho hadde ei litt ekkel heklenål som var litt for spiss og kantete.
Sukk! Skulle hatt med kamera i dag, men det gløymte eg.
Hadde i bleikinga berre i omlag 15 min, og eg var kjempenervøs for å få kvite striper, eller knall gule... Dei skulle berre bli karamellfarga hadde eg tenkt.
Eg får ikkje til å ta bilete som er heilt realistiske men her er ein liten peikepinn...





Utruleg vanskeleg å få skikkeleg farge på bileta i forhald til korleis det er i verkelegheita. Men dette var vel likast.
Så no er eg lysare brun da. :) No er det berre å sjå korleis etterveksten ter seg framover, etterfarge den lysebrun, og håpe det vert ok.

Det er no jammen spanande med hårfarging og bleiking etc, men heldigvis går det fint an å farge det mørkare igjen om eg vil.

Både håret og taket har vorte lysare no. :) Eg er blitt heilt ferdig med maling av stovetaka, 3 strøk til saman. No har eg ei pause i helga, før eg begynner på kjøkkentaka. Har måla ei skyvedør også sånn innimellom.
Her er eg i aksjon onsdagskveld... Halvvegs ferdig med siste strøket.

No er det helg!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar