Alt eg skal no rote meg borti! Men moro likevel da.
Etter eg etterlyste bur som folk ville donere til Pinnsvinhjelpen på Facebook, så snappa lokalavisa det opp og ville skrive ein reportasje om meg, organisasjonen og Lillepigge Charlie.
Og foringsautomaten som vart populær måtte også vere med i avisa.
Eg sat vel 1 time i intervju og så blei det jaggu både framside og to sider inne i avisa.
Litt flaut og artig på ein gong...
Kjekt å kunne opplyse folk om pinnsvin og om organisasjonen då i det minste!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar