mandag 20. juli 2015

Hageforkle av gamal jeans

Ja, slik vart resultatet av Rune sin gamle jeans som eg fekk arve til kreative idear. 
Eg klipte av framparten av den og beina, utanom "beltet." Sydde med maskin kanten nede, samt sydde på ein lapp av ein lilla blom, så vips; så vart det eit feminint og praktisk hageforkle!! 

Forlkleet er altså rumpa på jeansen! 

Superenkelt!! 
Det ser ut som ein 6-åring har sydd, men det var fort gjort og praktisk, så det held for meg! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar