lørdag 23. mai 2015

Sletne joggesko, eller?

Her er mine inne-joggesko gjennom 3 år! 
Har vore gode sko, og dei har vore brukt kvar gong eg har vore på trening. 
Når det er sagt, så kan eg berre ikkje skryte på meg at dei har fått vore i bruk så ofte. I periodar kanskje 3 gongar i veka, i andre periodar 3 gongar i  månaden, medan i haust var det aldri!
Men no når eg har sett i gang igjen med å trene litt så har eg leita dei fram att og har håp om å bruke dei 2 gongar i veka. 
Men det eg merka meg etter denne veka er at eg har klart å slite dei ut!!!! 
Ja, eg kallar dei utsletne no!
Merka at det var ubehageleg på hælen, og der er det eit hol i stoffet heilt inn på det harde i hælen!

Litt vanskeleg å sjå men det er eit problem for mine ømfintlege gnagsår-føter.
Eg viste stolt fram dei utsletne joggeskoa mine til Rune!! "Sjå!!! Tenk at EG har slite ut eit par joggesko!!"
Der han svarte kontant:
"Det må ver ei mus  som har ganga på dei!"

Eg visste ikkje om eg skulle bli fornærma eller flire! Men etter å tenke meg om i to sekund så forstod eg kommentaren og braut ut i latter!!! 

Så eg må vel berre innsjå at eg har vel ikkje rukke å slite dei ut, men at skoa kanskje var av dårleg kvalitet, eller at eg har ein spiss hæl. 
Eller så må det faktisk ha vore ei mus som har ganga på, som Rune sei. 
Men det siste er det nok ikkje...
 Må vel til å kjøpe meg nye sko, så ofte som eg har tenkt å trene framover (!)
Blir det hol i  dei også så er konklusjonen at eg har spiss hæl. At eg slit dei ut er visst utenkeleg!  Hehe!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar