onsdag 20. mai 2015

Heime-softis!

Endeleg kan vi lage oss softis heime, utan å lage den frå botn. (Ikkje at eg nokon gong har laga slikt frå botn før heller.) Det virker altfor komplisert for meg. Eg elskar raske desserter, og denne er det berre å piske og fryse.
Og så softis da! Er det mogleg?
Nytt på markedet, og det måtte prøvast ut. Alt nytt må prøvast her i gården!
Det finns i både vanilje-og jordbærsmak, og med ein mann som elskar vanilje så måtte den prøvast ut først.

Denne skal ein berre tømme i ein bolle, piske i 3 minutt.
Setje bollen i frysaren i ca 3,5 timar.
Så skal ein ta den oppatt og piske den igjen i 1 minutt.

Då vart det jaggu softis altså! Heilt sant!

Vi hadde ferske jordbær til, men eg måtte no drysse litt (?) oboy-pulver og kakestrø på i tillegg.


Kan anbefalast! Denne skal vi lage fleire gongar i sommar!
Gleder meg til å prøve den med jordbærsmak!

Vi spiste denne på sjølvaste 17. mai!
Må jo ha is på ein slik dag!
Men vi skulle ikkje ned i sentrum og gå i tog eller sjå på tog, så vi var heldige og kunne lage oss eigen softis i eige kjøkken!
Etter ein deilig 17. mai brunsj, sjølvsagt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar