Etter å ha laga lys og gitt dei vekk i julegåver tenkte eg å lage nokre til meg sjølv også.
Eg laga to englelys, for engler kan ein pynte med heile året! Så lenge dei ikkje er altfor "julete" då...
Men eg ville ha nokre litt meir sommarlege og fargerike også.
Så då brukte eg to lyserosa kubbelys og serviettar med sommarfuglar og blomar på.
Eg klipte ut delar av motivet, sette dei saman på min måte.
Og slik vart desse koselege, romantiske og sommarlege lysa til!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar