Godt Nytt år til alle!!
Lenge sidan eg har skrive noko her no. Alt er fint med oss, men berre vore litt lat på blogging.
Vi har hatt nesten 2 veker med juleferie, god mat, snop, sofaslying osv, og då blir man sløv...
Her er ei lita oppsummering:
Årets julebakst bestod av silkekaker, vaniljehorn (julekaker), mandelstenger, og pepperkaker.
Vi samlast heile familien hos mamma og pappa 22. desember. Deilig middag som alltid!
Alltid så koseleg å kome heim åt ho mor og han far, og at vi samlast alle i familien!
Og sjølvsagt måtte jentene i familien Ødegård ta eit selfie!!
Cathrin, eg og mamma!
Og eg laga oreokake, den eine kaka eg faktisk kan.
Julaften feira The Rotevatns heime i Volda. Berre oss to.
Det var ein kjempekoseleg kveld, og hadde nydeleg pinnekjøt og mange pakkar.
Og eg fekk meg ein raud spark frå Rune!!
I ein alder av... "gammal"..., så har eg altså blitt eigar av ein heilt eigen spark!! :) Ingen arve-spark eller lånespark, men MIN EIGEN, BERRE MIN SIN!!
Det var ein kjempekoseleg kveld, og hadde nydeleg pinnekjøt og mange pakkar.
Og eg fekk meg ein raud spark frå Rune!!
I ein alder av... "gammal"..., så har eg altså blitt eigar av ein heilt eigen spark!! :) Ingen arve-spark eller lånespark, men MIN EIGEN, BERRE MIN SIN!!
Alice 5 år...
Og verdens deiligaste og varmaste kosepledd, til ei frostig sjel!
Dette pleddet med armar ligg klar til meg i sofaen kvar dag når eg kjem att frå jobb!
Jomfrutur i romjula med sparken min!!
Nyttårsaften:
Til middag på nyttårsaften hadde vi tapas. Mykje forskjellig fingermat, som Rune ordna til oss
Vi var litt lei av pinnekjøt og tunge middagar, så vi åt oss stappmette på dette i staden.
Hadde ingen rakettar sjølve, men stjerneskot hadde vi! Så vi nytte synet av rakettane elles i Volda, med eit glas sjampis i handa!

Det har vore ei deilig jul i år, med lenge fri, kvile for skuldra og rett og slett lada opp kroppen litt. Det vil seie; har ikkje gjort nokonting anstrengande verken for hjerna eller kroppen!
Så litt deilig var det jo å starte på jobb og vanlege rutinar igjen!
Jobbar no 70% og det er akkurat passeleg for skuldra mi. I tillegg går eg til fysioterapeut og trenar den opp med både slyngetrening og styrke. Det går framover, men ei so slapp jul har sett sine spor i skuldra, for den stivnar fort. Men no er den i gang igjen! Hurra!
Eg alle eit riktig godt nytt år!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar