torsdag 22. januar 2015

Juleverkstad i hobbyrommet

Litt rotete men det er eit rom som er i bruk, så då må ein tole litt rot...


I desember var eg mange timar nede i rommet mitt. Det såg ut som nissen sitt verkstad, men det var jammen koseleg også å vere der.
Her er eg i aksjon med å "lage lys". Eg smeltar altså serviettar inn i kubbelys.
Kom over nokre lysestakar, som eg spraymala i sølv også.
Eg kunne ikkje legge ut noko bilete før jul, sidan dei mange har fått slike gåver eg har laga!
 
Litt av resultatet: 

 
Senga full av julegåver:
 
Har fått tilbakemelding frå fornøgde mottakarar av desse lysa og lysestakane, at dette var ei fin julegåve. Så eg har tenkt å fortsette å eksperimentere og lage slike lys. Det er jo så koseleg å pynte opp med heimelaga lys! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar