Dei som kjenner meg godt veit at eg har vore plaga med skuldrane mine i lang tid, og spesielt dei siste 3 åra. Eg har generelt "spaghettiarmar", det som eg kallar muskellause og forhaldsvis tynne armar og skuldre. Men når eg har prøvd å trene dei opp, eller bruker dei mykje, så får eg smerter og betennelse veldig lett.
Utløysande faktor for eit par år sidan var når eg malte taka på heile stova og kjøkkenet med pensel, for hand. 3 strøk. Etter det vart smertene verre, og blei aldri bra att sjølv om eg tok det roleg nokre veker.
Min dumme avgjersle; MALE taket...
(Heimelaga slyngetrening for eit par år sidan)
Dette sette i gang prosessen med legebesøk og fysioterapi med slyngetrening utan at det hjalp, grein meg nesten til antibiotika og MR undersøking, og fekk konstatert impingement syndrom.
"Kroniske smerter i skulderen lokalisert til det subacromielle rommet kan være forårsaket av betennelsesreaksjoner i rotatormuskulaturen eller som bivirkning av seneavrivning i en eller flere av rotattorcuffens sener. Hevelse i denne muskelkappen kan forårsake inneklemming(impingement) mellom overarmsknokkelen og et fremspring på skulderbladet (acromion). Dette fører gjerne til smerte, svakhet og nedsatt bevegelighet og funksjon i skulderen. Smerterne er lokalisert høyt på overarmen og forverres ofte ved løft av armen fremover og ut fra kroppen" ref www.Aleris.no
Det vart ikkje gjort noko meir med skuldrane mine, for legen ville unngå operasjon. Så eg lærte meg å leve med den slik den var, med varierande smerter, nedsett røyrsle og generelt håplaus situasjon.
Så fekk eg i februar problem med hofta mi. (Ja, eg har kome i reperasjonsalderen... Og med mykje gikt, artrose og leddtransplantasjonar i familien, så føler eg at eg måtte følge dette opp litt) Eg reiste rett til kiropraktor utan å besøke legen først. Låst bekken, stive scener, og moglegeins betennelse i hofta. Han knakk på meg 6 gongar, og i samme rennet tok han skuldrane mine. Fekk litt meir røyrsle rett etter knekket, men stivna til att med ein gong. Akupunkturbehandling virka litt, men hjalp ikkje likevel. Så kraup eg til korset og besøkte legen. Han sette kortisonsprøyte i hofta, og bomma. Så då henviste han meg til Medi3.
Der vart hoftene mine vurdert, og der var betennelse ja! Og han meinte på ny kortisonsprøyte på riktig plass ville hjelpe. Ellers var det to kirurgiske moglegheiter som kunne hjelpe. Der er knepping i hofteledda, og det kan tyde på ei skade/slitasje på hofteleddsleppene. Den operasjonen er "open" og eg vil unngå den. Så vi utsette behandling. Men han hengte seg opp i historikken min om skuldrane, og tok ei vurdering sjølv om eg ikkje hadde henvisning på dei. Takk!!!
For etter 1 minutt med løfting av arm, strekk og bøy, så sa han berre "Oi, denne er meget stiv, og det vil aldri hjelpe med fysioterapi på denne."
Så eg var til vurdering av hofta mi og kom ut att med time til operasjon av skuldra.
Torsdag 28. august var dagen...
Onsdag etter jobb reiste vi til Ålesund, og bodde med svigermor denne natta.
Det var mykje nervar denne natta som herja i kroppen.
Rune var snill og følgde meg heilt inn, heilt til døra på operasjonsrommet.
Her er skuldra mi før operasjonen. Uff, stakkars skulder. Her er eg litt sløv i blikket pga dei blå pillane, som eg vart godt kjent med etterkvart.
(Bildet er ikkje av meg, det er henta frå metodebok-ortopedi.ihelse.net )
(speglvendt bilete)
Dette vart ein kikholsoperasjon, og glad er eg for det.
Eg var litt engstelig for narkosa, og sjølve oppvakninga. Men alt var så enkelt og fint der. Eg gjekk med veska mi inn på eit rom. Sette frå meg veska, drog ned stroppa på singletten, og sette meg i ein slags "tannlegestol". Hadde eigne kle til og med. Fekk ei nål i arma, og GOD NATT!
Vakna ca 40 min seinare av at "I'm a Passanger" av Iggy Pop ljoma ut av høgtalarane, og at sovedoktoren rista i meg og sa at "Frøken Rotevatn ("FRØKEN!!") du er på Medi3 og du er ferdig med operasjonen"
"NO? Au, har dåkke hatt eit rør i halsen min? *host* Jaja. Oi, eg lovde meg sjølv å ikkje snakke etter eg vakna, for eg sei så mykje rart!"
Dei løfta meg etter den friske arma og eg gjekk to rare, signe steg bort i ein stol, og der satt eg. Litt fortumla. "Husk å puste!" sa dei, og eg kom på at det prikka litt i leppene, og at eg ikkje hadde pusta på ei stund. "GISP! Ja, det er kanskje litt lurt!!" (Eg som ikkje skulle snakke...)
Uansett, operasjonen gikk veldig bra sa dei. Dei har høvla veldig mykje av noko styr inni leddet, og frest av mykje av eit bein. Der var visst nok å ta av...
Rune tura med meg ned i bilen, og der sat eg blid og fornøgd heile vegen inn til Volda. Lite smerter og i ein god "blå-pille-rus"
Følte meg såpass frisk at eg sette meg rett ut i solstolen og nytte sommardagen.
Eg merka godt at bedøvelsen gjekk ut av skuldra etter 1. dagen. For på 2. dagen kom smertene og eg måtte til med noko medbragt tabletter. Det som var dumt med desse var at eg vart så innmari sløva. Eg sette meg i sofaen, begynte å døse vekk, og bråvakna av at eg ikkje pusta! Så dei tok eg berre når eg var våken og kunne komme på å puste sjølv.
Dag 3, laurdag, var ein strålande dag! Med tabletter innabords, så gjekk eg meg ein tur heilt ut i hagen. Det bugnar av plommer, og eg skulle ta et "selfie" av at "sjå fine plommene, og her plukkar eg ei" Men fann ut at sjølv om den hang rett framfor nasa, så nådde eg ikkje opp!!!
Ikkje samtidig som eit bilete skulle takast iallefall.
Nettene var lange, med lite søvn. Å ha ekstra dyne i ryggen for å sitte-ligge er ikkje noko kjekt. Smerter og lite søvn har gjort at eg kjem meg fort opp om morgonane...
Søndag var dusjedag. Då skifta eg ein blodig bandasje, og fekk rensa og vaska såra.
Her ser ein best det største "holet". Dei to små er på kvar si side av dette, og er ganske flate og fine. Men dette i midten er stort, og det er snurpa saman så innmari.
Eg er uansett veldig glad det var ein kikholsoperasjon, og ikkje ein open operasjon.
Så no er eg sjukmeldt nokre veker, og skal starte på fysikalsk handsaming på torsdag.
Inntil då så driv eg med enkle pendleøvingar heime.
Kvardagsrutinene går tregt. Nokre ting som har blitt vanskelege er mellom anna;
* Å stå opp om morgonen. Å løfte av seg dyna!
* Å kle på seg. Det er beste å stige oppi ein singlet og drage den oppover og på plass. "Tversover-bh" er ein smart ting. Strømpene bør vere slakke, og joggebukse er eit must. Jakker over der igjen, og for all del hugse rett arm inni først.
* Hår. Rune vaskar håret mitt medan eg står framoverbøyd inn i dusjen. Han har aldri vaska håret mitt før, og fekk sjokk over kor tungt det var. Hehe. Børste det klarer eg sjølv, men han må lage hestehale. Etter 6 dagar med hestehalelaging så har han begynt å bli flink.
Første dagen...
* Dusje går greit. Dusjen set eg på lavaste høgde, og brukar god tid. Så går det bra.
Men for eksempel å ta på deodorant når eg ikkje får arma UT kan no bli litt klønete.
* Bere ting er vanskeleg, sjølv om det er berre noko lite. Så lommer er bra!
* Pc skriving, det gjerast med venstrehanda og ein finger på høgre. Men det går berre i ca 30 min før skuldra sei stopp.
* Sminking er berre å glømme. Litt maskara går greit. Men eg har ikkje vore utfor dør sidan torsdag så eg har ikkje prøvd så mykje på det.
* Å ete kan vere ei utfordring. Rune skrellar potetene mine, og deler opp evt kjøttstykker. Eg bruker venstre handa, og evt bøyer meg ned på tallerkenen for å putte mat i munnen med den andre.
Så det er er litt av eit skue for tida her hos The Rotevatns. Mykje latter av rare situasjonar, og ein god del hyling når arma beveger seg bittelitt feil. Men stort sett går det bra så langt.
Arma fungerer som ei dinosaur-arm. Dei fleste veit at dei er små og korte, og dinosauren når ikkje dit han vil. Arma mi er lang, men eg får den ikkje opp og ut i det heile tatt.
Så det er slik som på biletet under:
Då har eg brukt nesten ein dag til saman på dette innlegget, og melder meg herved ut for idag.
Legg meg på eit vis i sofaen, ropar på Rune og ber om eit glas brus!
Litt luksus må ein unne seg i desse dagar.
Huff, høres ikke noe godt ut. Jeg venter på en skulderoperasjon i februar og gruer meg. God bedring!
SvarSlettHei Anne!
SvarSlettTakk! :) Kan trøste deg med at det blir bedre etterkvart! :)
Eg tenkte dette skulle ta eit par mnd med rehab etterpå, og at eg skulle tilbake i jobb 100% iallefall etter 3 mnd. Men eg har gradvis gått frå 0% arbeidsfør til no 4 mnd etterpå å vere 60% i arbeid.
I morgon skal eg til lege, og då skal eg be om å auke til 70%.
Kvardagen min er enklare no for tida. Klare å løfte arma høgt, og klare løfte den ut til sida, og den fungerer til det meste. Men det eg ikkje klarer enno er å ta den bak på ryggen (typ hekte på/av BH) Der er den fortsatt stiv. Men driv og trenar hos fysioterapeut.
Eit godt tips, og det er viktig! Det er å trene kvar dag og følge råda frå fysioterapeut nøye i etterkant. Det nyttar ikkje å trene (bøye/tøye) heime berre 2-3 gongar i veka. Gjer det kvar dag!
Det har eg slurva med... :(
Status no er vel at den er like stiv som den var FØR operasjonen, har liksom nådd att den grensa. Og den er vond å ligge på for lenge, og i visse bevegelser. Men dette kjem seg etter kvart!
Og arr har eg ikkje, berre eit par ubetydelege prikkar. ;)
Det står litt om vidare utvikling etter operasjonen vidare i bloggen, innimellom litt anna tull og tøys! ;)
Masse lykke til med operasjonen!! Det er verdt det til slutt! Berre ta ei veke om gongen, ikkje ein dag!
Alice