Det har gått 2 veker sidan operasjonen, og eg finns fortsatt!
Eg fann ut at dei første 2-3 dagane var eigentleg heilt fine, i forhold til korleis det ville bli. Frå den 4. dagen gjekk nemlet kortisonen dei hadde sprøyta inni skuldra mi ut, og bedøvinga slutta altså å virke. DET var meget merkbart... Det har verka kronisk nokre dagar, og vore heilt ok andre dagar. Men uansett kva dag eg har hatt så går det ikkje an å rett arma fram eller ut til sida eller bak. Dette er det eg skal gjere øvingar for, og gå til fysioterapeut for.
Her er eit bilete eg sendte på snap ein dårleg morgon, mest for å få sympati tilbake. For det har eg av og til trengt! Hehe...
Men eg kan melde om at eg tok stinga mine heilt sjølv, og det gjekk strålandes! Det vil seie at såra ser fine ut, og eg fekk dei ut heile. Det skal innrømmast at det var litt vanskeleg med ei hand. Men med ein mann som nesten svimer av og blir superuvel ved synet av ein skalpell, tråd gjennom hud, nål eller sprøyte, så berre prøvde eg sjølv, og seira!
Æsj, dette er når eg tok av bandasjen for første gong. No er det reint, flatt, og viser berre nokre prikkar og strekar på storleik som ein stift frå stiftemaskin. Så det blir nok bra.
Eg har forresten passa ein liten dverg chihuahua i helga, og DET var medisin for ei "synes-synd-på-seg-sjølv-sjel"
Dette er bittelille Princess!!
Og slik var ho nesten heile tida. Søv på fanget mitt heile dagane.
Og dilta etter meg uansett kvar eg gjekk. Før eg hadde fått rumpa på sofaen så var ho i fanget mitt.
Lille ekornet!! Såå nusselig da!
Det var så lite arbeid med ho, at eg fint kunne passe ho med ei arm.
Hundar er medisin!
Eg vakna så tidleg om morgonen for tida, og då var ho klar for luftetur. Det var litt av eit syn når eg gjekk ute i hagen med håret til alle kantar (i mangel på "frisør" som kunne hjelpe meg så tidleg om morgonen), med joggebukse og morgenkåpe på. Men det gjekk bra.
Og etter litt morgenstell av meg sjølv, tablettar på meg og fôring av ho, så koste vi oss i sofaen inne, eller på kjøkkenbenk-sofaen, eller ute i sofaen på verandaen i sola. Vi var litt av nokon sofagrisar begge to!
Så i helga har eg kosa meg med bøker og liten kosebamse, og nydeleg og varm sol.
Og med sterke tablettar...
Rune måtte smelte litt han også for dette lille nurket...
Han likar jo helst HUNDAR, ikkje små rotte-hundar... Men dyr er dyr, og då er vi frelst uansett!
Laurdagskvelden sovna både eg og Princess på same pute, og Rune tok eit par bilete i smug. Dei fekk eg sjå i dag, og måtte berre le. Sovehjerter på puta!
Trur vi har hatt det veldig bra begge to "prinsessene" i helga.
Rune er så hjelpsam no når eg er så handicappa, så han vartar meg opp. Så eg har i grunnen levd som ei prinsesse altså! Sånn sett kan eg ikkje klage!
Men no er eg i gang med fysioterapi, så no håper eg på betre dagar i vente.
Har ikkje fått massasje enno, noko eg saknar, men driv med slynger og slikt. Men eg har ikkje håp om å hente i turnringar enno...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar