Når første ferieveka kom i år, så tok eg like godt og satt på med Anne til Stryn på shopping! Da skein sola og sommaren kom for fullt, og vi fekk traske i gatene (gata) der ein heil ettermiddag. Vi shoppa og kjøpte is, og hadde det rett så triveleg!
Og litt nye kle i posane vart det jammen også!
Og sola fortsatte heile veka, og varmegradene steig til 29-30 grader. Heilt utruleg deileg! Noko som forøvrig var ein stor greie å dokumentere på facebook. Med bilete av gradestokkar og informasjon om badetemperaturar, og med opplysning om kor flinke folk er å bestige fjelltoppar osv. Dette i kombinasjon om den nye farsotten "selfie" på "selfiestang" (!) så ville Rune tøyse litt og laga seg ein eigen versjon:
Øvre Rotevass-knaus, 1 m. over vatnet, med nyinnkjøpt selfiestang. (som forøvrig var ei sleta vegastikke som hadde drive i land på stranda. Og eg stod med mobil i enden av denne!
Får det ikkje meir moro enn vi lagar det sjølve!
Men vi kosa oss på stranda heile dei solfylte dagane, og budde der meir eller mindre.
Og med gamal bil som ein kan køyre markarally med, så var det lett å kome seg ned dit også.
Og ein dag henta vi faktisk oss ein kjøpe-pizza også!
Lange, deilege dagar i sola på stranda, og gode, svale kveldar på balkongen.
I år har vi bada meir enn vi har gjort siste 7 åra trur eg!
Det er skikkeleg deileg å bade når ein ikkje får krampe når ein er uheldig å svømme som ein sjøhest og beina konstant peikar nedover i djupna.
Første sommarveka var over, og det kom eit par dagar med overskya vêr. Heilt greitt når det var meldt sydenvêr vidare!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar