onsdag 30. mai 2012

Sommar, camping og plating

Veke 21 har vore ei fantastisk veke. Det har vore SOMMAR i Volda! 26-27 grader i skuggen, og strålande sol!
Då er det berre å byrje på prosjekt hage og blomar!
Rune har klipt penen 2 gongar i år, og eg har ordna med 1 stk potteplante på trappa!
Med ei lita vindmølle i.


Det får rekke i første omgong.

Fredag 25. mai besøkte eg mamma, pappa, Brita og Hans Inge på campingplassen i Sæbø. Når eg kom hadde sola nettopp gått ned bak dei høge snøkledde fjella, og varmegradene sank sakte, men sikkert.
Ein veldig fin plass inn i fjorden, mellom høge fjell og dalar!
Det var veldig kjekt å få treffe mamma og pappa igjen, og mamma tok morsrolla på alvor. Ho var så redd for at vesle jenta hennar "Lise-mor" skulle fryse og bli sjuk. Så eg vart pakka på med både teppepose, pledd, jakke, strikka teppe, og fekk varm kaffe attåt. Og potetgull og sjokolade, og alt eg måtte ønske!


Trur ikkje eg hadde komt meg ut av denne klasen uten hjelp! Men her sat eg faktisk veldig godt!

Trass i over 20 grader på dagtid samme dag, og ca 27 grader dagen etter, så var det vel omtrent 10 denne kvelden. Men campingturistar veit å kle seg. Så her var det både varme klede, ullpledd og til og med termodress! Og med litt godt, leskande i kroppen i tillegg,
så hjalp det vel på det også for dei fire andre :)

Her har mamma floka seg inn i teppepose og pledd

Her er pappa med eit tynt fleecepledd, Hans Inge i termodress og Brita dekt i ull!

Er ein på camping, så er ein på camping. Sånn er det berre!
Eg hadde det iallefall kjekt på campingkveld på Sæbø med denne gjengen, og flira godt gjennom heile kvelden
Dagen etter var det nok berre shorts og t-skjorte tenker eg!
Deilege sommaren på Sunnmøre!

Måndag 28. mai sank temperaturen med 20 grader!! Heilt utruleg for ein forskjell! Så vart det altså haust igjen. Eller iallefall tidleg vår. Sånn er det berre her i bygda.
Eg og Rune har fått låne verktøy til onsdag, så i går sette vi i gang og plate vidare på veggane våre. Det blir det blir! Det blir kvitt og fint! :)
Eg måla opp og måtte leite fram den praktiske, logiske og kreative delen av hjerna mi... (jada, der er ein liten del av det, tenk!)

Medan Rune brukte det fysiske og praktiske, og var rett ein handyman!


Med riktig, godt og tilrettelagt utstyr så gjekk det som ein draum!
Vi måtte sei oss ferdige når det vart mørkt, og etter 23.00, sidan kompressor og sag bråkar litt vel mykje ei tysdagsnatt.
Men litt lenger på veg kom vi oss da!
Litt av kjøkkenet:

No er det berre å tinge utstyr igjen ein annan kveld, og hugse på bor til å skjere ut for kontakter, så kjem vi oss enno eit steg vidare!
Oh lykke!

I mellomtida: Måling av dei oppkomne kjøkkenveggane.
Farge "Frost" (lys-lys grå)

To be continued...

fredag 25. mai 2012

Lysare tider!

No er alle taka i hovudetasjen ferdigmåla, og dei er så kvite og fine! :) Det har teke meg lang tid, med verkande skuldre og nakke. Men trur det var verdt strevet når eg ser på resultatet.

Her er eg HEILT FERDIG! I dobbel forstand! Når ein ser på fargane og rotet, så har ein vel ei viss forståing for at her må det bli endringar! ;)

Det som berga meg i innspurten var god hjelp fra snille Anne! Ho har vore hos meg 3 kveldar og hjelpt meg med spisestovetaket! TAKK ANNE!
Siste strøket tok vi fredags ettermiddag. Og sidan vi skulle på fest seinare, så vart det siste strøket fortare ferdig enn dei to første! Hehe! Og vi tok ei velfortjent selebrations pils i det vi pakka vekk penslane!
Mmmm...! Vel fortent!
HURRA! Taket trykke meg ikkje nedi golvet lenger!

Og så har vi altså så smått begynt å kle veggane med ferdigmalte (!) panelplater! Kvite plater på stova, og caffe-latte plater, som vi skal male LYS grå, på kjøkkenet. Vindauga er fora ut, og eg har fått blomsterbrett i det store vindauget på stova. DEN forskjellen!
Før:
Etter:
Gleder meg til resten kjem på plass!
Før:
Etter:
Her står blomsterbrettet i press, men no er plankane vekke, og eg har fuga og måla listene, slik at blomane er komen på plass! Kjempekos!
No må vi berre bli ferdige med alle andre veggane, så skal det bok bli både gardiner og møblering.

Ein ting er sikkert: Ting tek tid i store bedrifter!
Som hos The Rotevatns!
Men fint blir det!

torsdag 24. mai 2012

17. mai

Ja, då har det vore 17. mai, og 18. og 19. og til og med 22. mai...
Eg bryr meg ikkje so hardt om å feire 17. mai, og ser heller på 8. mai som ein flaggdag og fridag enn f.eks 1. mai. Men klart, det er kjekt med ein fridag, med norske flagg og å få lov å ete so mykje is og godteri ein berre vil. Iallefall som barn. Og då gjeld det også for meg. Det er jo ein fin dag, og Noreg fekk si eiga grunnlov osv.
Men hos The Rotevatns så ser vi ikkje behovet for å kle oss opp så mykje og gå i barnetog, folketog og andre tog. Eller jo, det kan vere kjekt så lenge sola skin og det er varmt. Men i år var det 7 grader, vind, og kaldt.
Så då feira vi heller heime i bobla vår.

Men som sagt, is og godteri er viktig. Og er ein barn til sinns så må ein få utfalde seg også til ein viss grad.

Så eg hadde kjøpt inn eit ringspel for anledninga. Eg hugsar eg var ein kløppar i å kaste gummiringar på brusflaske når eg var lita, så her skulle suksessen gjentakast. Men i staden for brusflasker, så kjøpte eg inn importøl på polet.
EG skulle vinne ALLE!
Men Rune er eit konkurransemenneske, og gode premiar er ikkje å forakte heller! Så her vart det konkurranse med full konsentrasjon og alvor!

Rune bomma ;)

OG han traff. Igjen og igjen... Bryska seg no!  

Den siste boksen var umogleg å treffe, så vi tøysa litt med den.

Var ikkje akkurat slik han vann den, men det var HAN som vann den på ordentleg til slutt!

Eg vann 1 flaske...

Litt dårleg tapar er eg, for eg såg for meg ein samvirkelagspose full med flasker i premie, sånn som det var i gamledagar. Og i tillegg smakte mi øl PØKK! Ugh!
Men snille-Rune kunne ikkje la drittunge-Alice surmule, så ho fekk eine øla hans. Som var fantastisk god! Thailands faktisk. Hmm... Så då fekk vi litt premiar kvar då, og 17. mai vart redda i år også!

HURRA! 

søndag 13. mai 2012

Bursdag og fest! :)

Onsdag 9. mai hadde snillaste Elisabeth bursdag! Og det måtte no feirast som ei prinsesse verdig!
Eg og Anne overraska ho med å ta ho med ut på middag!

Eg var litt treig med å ta bilete, for oppi denne biffsnadderen stod det en pyro-ting å spruta! Men hadde no slokna! hehe! Men moro var det!
Ho styra på med eksamen og oppgåveskriving, så det var gøy å kunne dra ho ut frå lese- og skrivebobla ei lita stund! :) Kan no ikkje sitte inne på bursdagen sin?!

Elisabeth og Anne

Så gjekk vi oppigjen til Anne og fortsette prinsessebursdagen der. Anne hadde laga dikt til ho med masse symbolske gåver. Kjempeartig!

Og ei lita prinsesse må få bursdagslys på "kaka" si.
Her hadde Anne diska opp med sjokolade is, og søte hjertelys på. Og vi måtte jo sjølvsagt ha prinsessekoppar og prinsesseduk!


Håper du får ønsket ditt oppfylt! Kva enn det no måtte vere ;)

Elisabeth fekk suttekopp i gåve frå Anne, av den grunn at ho er litt skjelvete på handa og lett kan søle litt, har eg høyrt! Så kaffe mocca i suttekopp måtte til! Eg trur Anne er litt Hyacinth! ;) hihihi!! Og naboen hennar som alltid søler og knuser porselen heiter jo også Elizabeth! ;) hihihihi!


Sidan dette var ein kvardag, så tok vi att festen på fredag! Kjempekjekt!
Og her er eg, forelska i fantastisk søte Leo, hunden til Elisabeth!


torsdag 10. mai 2012

Helene sin konfirmasjon

6. mai, Helene vart konfirmert.

Eg og Rune budde på Brattvåg hotell for anledninga, og fekk leige ei av suitene der. Eg må berre nytte høve og skryte av hotellet, kor fint og flott det har vorte sidan eg jobba der for x år sidan. (13?)

Ein liten men viktig detalj:

Og på bordet stod der ein varm (kald?) velkomst til oss, men det var nok ikkje frå hotellet men frå snille søstå mi Cathrin. Som takk for hjelpa med ein film eg redigerte til den store dagen.
Og som alltid når ein skal ha bunad på, så slit ein med å vaske bunadskjorte, skylje, tørke, dynke, stryke på innsida og utsida, og å bevare den fin til du skal ha den på. Så går det 2 minutt og så er den krøllete likevel.
Høgt heng den, og sur på den var eg! Men gjekk no greitt i år også, til og med etter transport frå Volda til Brattvåg.
Mamma laga vakre blomsterdekorasjonar som pynta gåvebord og andre borda. Ikkje vanskeleg å sjå at temaet var sommarfugl kanskje? Dei var så fine at det var ikkje til å tru. Så ein måtte berre forevige dei med mange bilete! (Dette var heime hos Cathrin, ikkje i festlokalet)

Og søndagsmorgon var The Rotevatns klare for kyrkje og konfirmasjon.
Helene tene lys...
...og vart konfirmert. Og tanta tåra... som vanleg!  

Festen var på hotellet, og her er Helene ved gåvebordet:

Heile familien Skjelten
Stolt tante og onkel
Go'jenta til tanta si det!
Var ei stolt mormor og ein stolt morfar også!
Og kakebordet var som det brukar å vere på Sunnmøre; overfylt! Dei måtte hente fleire bord, og eg trur faktisk det var ei halv kake per person, utan å overdrive. Her har dei ikkje sett fram alle heller.
Nydeleg god mat!
Til og med tante Alice fekk 10 vaksenpoeng for å stille med heimelaga oreo-kake!
(Poeng som eg har gitt meg sjølv...)
Så var konfirmasjonen over, og Helene var storfornøgd, og då er vi også det!