Fredag tok eg med meg Anne på påskeferie til Vatne. Vi var der heile palmehelga, og ho har fått møtt familien min, og sett kor eg kjem ifrå. Ho visste vi skulle til Brattvåg på fredagskvelden, men ho visste ikkje at det var Kaizers Orchestra konsert der! Vi fekk ikkje tak i billettar til konserten i Volda, så når vi besøkte søste og familien i Brattvågen denne kvelden overraska eg Anne med billettar!
Snakk om å bli overraska og glad!! :) JIPPI!!
Vi fekk ei konsertoppleving som vi seint vil gløyme!
Snakk om å bli overraska og glad!! :) JIPPI!!
Vi fekk ei konsertoppleving som vi seint vil gløyme!
To veeeeeeldig blide jenter!! Glisa våra går nesten heilt rundt!!
Det var veldeg kjekt å treffe familien igjen, og det er alltid noko spesielt å kome heim åt ho mor og han far! Og slik såg frukostbordet ut laurdags morgon! Vi fekk kvar sitt nydeleg påskeegg full av deilig godis!
Palmesøndag tok vi ein tur på fjellet! Pappa trakka stien opp til "foringsbua" til bror Stig-Helge. Ikkje lange turen opp dit, men Virre og Vapp hadde vel rota oss vekk i skogen viss ikkje.
Pappa, med "bua" i bakgrunnen
Anne!! :) (Virre...)
...og Alice (Vapp)
Utsikta frå "bua", Vatne!
På "gatevegen" opp til Ulstasetra gjekk vi etter kvarandre i ei trakka rås, og Anne gjekk først. Anne ante fred og ingen fare, då eg sneik meg vekk og gøymte meg bak ein stein. Ho merka etter ei stund med trakking at eg ikkje var der, BORTE VEKK! Hahaha, kan tru eg flira godt der eg sat, og ho skjønte lite.
Anne: "Eh...halloooo....?" Ho var plutseleg heilt aleine i verda!
TITT TEI
Eg er altså den raude flekken bak steinen!
Tjihi!! Moroklumpen! Ja ja, det var jo 1. april også da!
Anne i tunnel av gran!
Og så årets beste snap-shot!
HIPP HOPP!!!!
Biletet fortel meir enn ord:
Og for alle Kaizers fans, ta en titt og kos deg. Litt dårleg lyd, men det går fint!
Likte godt at JanOve vinker til oss på slutten der... Anne og meg heilt i 100!! ;)
GOD PÅSKE!
Ein liten feil på videoen, det var 30. mars, ikkje 31...! Jaja... sånn kan det gå
SvarSlett