Ja, då er påska overstått for lengst, og eg har vore innmari treg med å legge ut bilete av påskepynten i år! hehe! Ei gammal påskehøne og eit lysfat. Det var det! Ja, og så ein ordentlig husmor rutete duk!

Men det var ei koseleg og kjekk påske hos The Rotevatns.
Stova vart ikkje plata ferdig, og heller ikkje påbegynt, så vi har fortsatt eit materiallager på stovegolvet. Litt frustrerande å klatre over platehauger mellom pianostova og tv-stova. Men så speler eg ikkje så innmari mykje piano for tida, så eg treng ikkje klatre så mykje kvar dag skkurat!

Hr og fru Rotevatn invisterte i bortoverski også til påske! 70% rabatt, så då slo vi til! Ski, sko og bindinga til 850 kr er heilt greitt det!
Så fann vi eit par skeive og skakke skistavar kvar på hemsen i vedahuset, og då var det ingenting som kunne stoppe oss i å ta første skitur på 12 år og på 25 år utafor huset og nedover markane!
Så fann vi eit par skeive og skakke skistavar kvar på hemsen i vedahuset, og då var det ingenting som kunne stoppe oss i å ta første skitur på 12 år og på 25 år utafor huset og nedover markane!
Vi var som to 10 åringar som leika oss på ski, og du og du så kjekt det var!! Det er ikkje bratte bakken nedover her, men jaggu synes eg vi fekk stor fart likevel! Tårane spratt og knea skalv når vi suste nedover! Kjempegøy!! På nedste bilete stod eg midt på marka med huset vårt i bakgrunnen.
Påskeaften spiste vi masse, godt pinnekjøt! Mmmm! Reine julestemninga! Men jula vare jo heilt til påske, så det var heilt på sin plass med julemat!

Så kom kvardagen igjen, men den veka vart kortare enn vanleg med berre 4 arbeidsdaga. Fredag 13. april hadde hr Rotevatn bursdag! Hipp Hurra! Det vart ein kjekk fredag utan store ulukkene, med feiring og kos heile dagen!
Rune fekk seg fine gåver, og gjekk på skattejakt i huset etter ei påskehøne eg hadde gøymt, med lappar på rim som han fann ein etter ein!
Rune fekk seg fine gåver, og gjekk på skattejakt i huset etter ei påskehøne eg hadde gøymt, med lappar på rim som han fann ein etter ein!
Ellers har eg mala paneltak! Det er ein krevjande jobb for dårlege skuldre kan eg love! Pianostova har fått grunning og 2 strøk med kvitmaling. Tv-stova er nesten ferdig. Den er grunna og fått på seg 1 strøk maling. Så no manglar den berre 1 strøk før den også er ferdig. Det vil ta 2 kveldar å bli ferdig med den. Og DÅ har eg berre 2 tak igjen... Spisestova og kjøkkenet. "berre" er litt feil. Eg er dritalei av å male, og er ikkje halvvegs eingong... Men fy så fint det blir!! Kjenner at trykket i topplokket lettar, taket pressar meg ikkje ned i golvet lenger, men det blir luftig og lyst i stova.
Første bilete er frå pianostova, her er taket heilt ferdig!
Dette biletet er frå tv-stova. Her manglar eg berre siste strøket. Tenk så godt det blir å få lyse veggar, bort med dei burgunder, tunge veggane!!
No er det berre å brette opp armane og ta i mot ei ny arbeidsveke. Søndagskvelden ebbar mot slutten og det er igrunnen veldig trist. I dag har det vore kjempefint ver, og vi vore ute på verandaen heile dagen. Ikkje gjort nokonting "fornuftig", berre kosa oss og nytt fuglekvitter, sol, våren, forestilling av 3 leikande ravnar, og spist is! Fin dag! Måtte det bli mange fleire av slike!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar