Elisabeth skulle eigentleg møte Anne tidlegare i dag for ein kaffe, men "vart liksom for sein", og eg skulle treffe ho etter eg var ferdig på jobb. Så vi to koka saman ein liten plan, som Anne ikkje hadde peiling på.
Elisabeth plukka meg opp etter jobb, og vi sat i bilen og blåste opp ballongar, sette på oss hattar, og gjorde oss skikkeleg klare for å overraske ho.
Her er Elisabeth i full sving med å blåse hjerteballongar!
Vi hadde med pakkar, kake, kokosbollar, kaffekapslar, bursdagsfløyter, hattar, og ballongar. Mykje å bere på det i grunnen!
Vi lista oss knisande som to fjortisa opp trappa og "ordna oss" utafor døra hennar:
Så stilte vi oss bak døra, banka på, og når Anne opna døra og kika bak, så dura vi fram med fløyter og ballongar, og ho skvatt så ho nesten datt i kne!
Til og med nabodama kom ut i gangen og lurte på kva slags styr det var! Trudde sikkert det var nokre galne studentar som hadde starta fredagskvelden litt tidleg! Men det var berre tre "halvvaksne" damer som hadde det hysterisk, barnsleg moro på ein tirsdag!
BURSDAGSBARNET!
Dette var altså ein heilt vanleg tirsdag kl 16.30, på ein litt uvanleg overraskingstokt, med 3 nokså uvanlege jenter!
GRATULERER MED OVERSTÅTT BURSDAG ANNE! VI ER SÅ UTRULEG GLADE I DEG!
Tuusen takk for ett megaparty!! Dere er bare helt utrolige!! Tenk at det går an å ha det så utrolig gøy på en helt vanlig tirsdags ettermiddag!!! Det er ikke alle som greier det like godt ;) Men Hetti, Netti og Letti greide det utrolig bra!!
SvarSlettJEG ER UTROLIG GLAD I DERE OGSÅ!!!!! <3 <3 <3