torsdag 29. mars 2012

Så er vi i gang...

NO, endeleg er vi så smått i gang med å lysne stua og kjøkkenet vårt! Første for tur er "piano-loungen" vår. No ser det litt scary ut faktisk, med piano og møbler plasta over. Men det trengs når ein skal male tak! Ideelt sett bør vi flytte vekk møblane som står under taket, men vi har ikkje plass til dei andre stadar akkurat no. Men møblane er både i vegen, og nyttig der der står.

Eg begynte såvidt å grunne tak i går. Sperregrunn med kvistlakk. Genialt! Då slepp eg å lakke kvistar 2-3 gongar før grunninga. Spare no litt tid slik! Men den er litt ekkel å male med. Eg brukar kost, for denne malinga tørkar fort, og etter ein kveld med maling så klumpar malinga seg opp i botnen av penselen, så då må den berre kastast. Dette gjorde at eg måtte grunne ferdig heile taket same kveld.
Eg klatra på både trappestige og møblar. Armane verka, skuldrande skreik og nakken stivna.
Eg jogga faktisk før eg begynte. Då fekk eg noko verk i eit kne, og var veldig sår i lungene (dårlig kondis, eller noko slikt?) Og i tillegg til å puste inn malingslukt i 3-4 timar, så fekk eg faktisk astma. Det er første gong på veldig lenge at eg måtte ty til spray!
Men eg synes det blir rett så fint med kvitt tak!

Eg blei heilt ferdig, her var 1/3 ferdig, og allereie sliten og lei.
Tenk, vi har ca 4/5 med tak igjen. Og i tillegg skal vi ha 2 malingsstrøk på! Håper eg blir ferdig til jul!

Vi skal også ha plater direkte på veggen. Desse er ferdigmala (HELDIGVIS) og spikrast direkte på veggen. Tjukk tapetstrie med mange lag raudmaling gjer at vi berre må plate veggane inne, det nyttar ikkje å "rive av" tapetet.
Vi har kjøpt litt av platene no på tilbod og fått dei i hus, og no driv dei og akklimatiserer seg på stova. Dermed tek dei opp ein stor del av stovegolvet, og deler stova i to. Der ligg også en haug med gerikter som vi snublar i.
Og når vi då også har brukt pianostova til tørkeplass for stativ med kle, så vart det kaos i går kveld.
Stativet oppå platene, og labyrint mellom tv-stova og pianostova.

Men, det skal bli betre! Når klea tørkar skal det ikkje tørkast meir på stova på ei stund. Det vil hjelpe litt. Pluss at eg må rydde i rotet, og få litt kjekkare stove sjølv om den blir pussa opp.

I dag er eg halt, stiv og støl, og har bestemt meg for at det ikkje vert noko maling i dag. I dag blir det rydding og klargjering til plating. Og sidan det er palmehelg no til helga, så kan det no hende eg set fram eit gult lys også, og ein kylling om eg finn...

2 kommentarer:

  1. Du er på god veg! Dersom de vil låne kompressor, spikarpistol og "krampar" (=spikar til plater) kan de gjerne det. :) De kjem til å få det superfint! AM i skogen

    SvarSlett
  2. Jau, har iallefall fått materialet i hus. Men det vil ta litt tid før det blir festa "PÅ" hus!!
    Oi, kompressor høyres nesten litt skummelt ut. Har aldri prøvd det før! :-O
    Men takk som tilbyr, det er veldeg snilt gjort! Og er vi modige nok, så kan det hende vi takkar ja til å låne! :)

    SvarSlett