Og i dag skein sola frå blå himmel, og i sola var det varmt og godt. I skuggen ligg fortsatt frosten og det er minusgrader om natta. Men det går mot lysare og lengre dagar, og eg rakk å jogge rundt og nyte siste solstrålane her heime før sola kraup ned bakom fjella.
Då fekk eg tatt desse fine vårteiknbileta:
Desse snøklokkene står borte ved gamlehuset, og dei var så søte i kveldssola og med litt frost i bakken.
Vi planta om nokon krokusar, som også veks opp ved gamlehuset, i eit av blomsterbedda våre. Dei har såvidt begynt å titte ut av bakken, gleder meg! Og dette nærbiletet viser at eg har ein stor jobb om eit par månader å rydde og luke beddet! Oi oi oi ! jaja, så lenge sola skin!
Det er også viktig å kose seg, og dette har vore min favoritt!! God kaffi fra kaffimaskina mi, og med ein deilig kokosbolle til! Jommi!!
No er det helg og i kveld skal eg besøke Anne mi og veslepus. Vi skal kose oss med spennande kake som Anne har laga, pluss godteri av alle slag! Og noko å drikke på har vi også.
Så eg gleder meg til tøysefredag ilag med Anne!
Tøysefredag!!!
GOD HELG!
GOD HELG!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar