Oppreinsking etter Dagmar:
(Forrige veke)
(Forrige veke)
Her har Rune og Rolf fått bort dei gedigne grantrea, og rota har lagt seg ned att.
Minner om korleis det såg ut dagen etter orkanen:
Traktoren og Rolf vart ikkje med på biletet, men Rune er den lille gule og svarte bia
No er vi eit lite steg på veg med å rette opp att skadane, og treng "berre" gravemaskin, gravar, stein, pukk, og nokon som vil ha tømmer så er vi vel i mål.
Ellers har vi andre prosjekt også på gang. Berre å stramme fletta....
...og byrje å grunne og måle inne på stova og kjøkkenet. No skal alt mørkeblå, gule og burgunder bli til kvitt og lysegrått! Og brystpanel vekk! Vi skal ha ferdigmalte panelplater på veggane, men det vil seie det blir mykje malejobb på taket framover på oss. Så eg har måla på dragarar og karmar!
Ingen hemmelegheit at vi har hatt grelle fargar ei stund no!
Og nok er nok!I helga har vi hatt 2 dagar med skikkeleg sommarver! Det har vore strålande sol, t-skjorte varmt, fuglekvitter og glede. Vi har dermed byrja på hagearbeidet med å plukke kvistar (7-8 trillebårlass) reinska ut av bedda, pussa rust og lakka hammocken, vaska bil, hogd ved og styra på.
Og på laurdag fekk vi passe naboen sin hund Malo også. Ho er berre såååå skjønn. Kjekt med litt hundepause innimellom arbeidet! Men denne hunden var eg allergisk mot, så slik kan vi ikkje skaffe oss dessverre. Men ei lita stund måtte eg berre halde ut. Kven hadde ikkje gjort det liksom?
Berre elskar dette biletet! Rune <3
Malo
Men ein annan bitteliten søting som passar til sitt namn, Leo (?), er også veldig skjønn og fin! Denne er eg "tante" til, og er veldig glad for det! Han er eg ikkje allergisk mot! Ikkje enno iallefall!
Ellers har vi også passa på å nyte sola og sommaren denne helga, og ikkje berre jobba og slitt. Så på ettermiddagen tok vi vår første utepils på verandaen, og om kvelden kosa vi oss med dette:
Sommaren er komen!
(I alle fall for denne helga, og det gjorde godt)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar