Valentines day... Alle hjerters dag... I dag er det 14. februar, og då skal vi feire kjærleiken og romantikken. Iallefall sei handelsstanden det, og påverknaden frå særleg dei engelsktalande landa har kome for fullt til Noreg også.
The Rotevatns er ikkje so innmari fans av denne tradisjonen vi.
Liker å tenke at vi to feirer kjærleiken og romantikken kvar dag eg! ;)
Vi liker å kjøpe gåver til kvarandre gjennom heile året vi, nokre smågåver, og andre litt større.
Og her ein dag fekk eg eit infall og kjøpte oss skøyter! Danseskøyter til meg, og hockeyskøyter til Rune. Han har berre gått på lengdeløpera før, og eg har berre lånt andre sine danseskøyter når eg var lita.
Så no er det berre å vente på skøyteisen på Rotevatnet!
Og slike forhåpningar som biletet under har vi sjølvsagt om oss sjølve:
Medan dette er kanskje det mest realistiske synet?
Og eg vil sjølvsagt ikkje skulde på dårleg erfaring, kløning, klumsing, dårleg koordinasjon eller noko slikt. Så eg vil ta ein slik ein: Skoreima sin feil!!
Kan hende isen ventar på seg i år, og kanskje det er like greitt? Men vi har då iallefall moglegheita å ta på termodress, polstre puter på baken, og stavre oss barnslege ut på isen :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar