søndag 26. desember 2010

God Jul frå The Rotevatns

No er det andre juledag, og sjølve julefeiringa er for vår del over for i år. Men jula varer ei stund til da, om ikkje heilt til påske!
Vi har hatt ei fredfylt og fin julefeiring hos The Rotevatns familien! Eg og Rune var aleine i huset vårt i Volda og kosa oss stort.

Lillejulaften byrja med at fru Rotevatn var på jobb, og så stakk ho innom gravplassen og måtte bokstaveleg talt grave fram gravstøttene!! Det var så mykje snø! Og så kaldt! Lukke at eg veit godt kvar dei er! Eg hadde laga kransar sjølv, og eg la ned dei og tente lys.

Vel heime igjen vart ein viktig detalj ordna: Den aller beste julepynten i verda!
Ein JULE-KAMEL!!  

Denne kjøpteRune til mamma'n sin når han var liten og fekk velje julegåve heilt på eigen hand!
Den står ALLTID på bordet vårt heretter!!
Dette er første beviset på at Rune er absolutt ingen "jule-mann". Kamel er no like greitt det som eit reinsdyr? ;)

 
Om kvelden åt vi spekemat, drakk julebrus og såg på Hovmesteren og grevinnen på NRK. Vi var skikkeleg tradisjonelle! Fuglane hadde fått mat, Rune hadde henta ved, og husmora sjølv (?) tok siste draget over golva! Så skulle treet pyntast, og det vart no rett så fint!
Når stova endeleg vert oppattpussa, så kan det hende eg kjøper eit som er LITT større enn 1.70m, og det blir jammen godt med lyse veggar også!! 

Julaftan vakna vi tidleg, og åt ein god julefrukost! Pakkane vart lagt under juletreet, og vi såg at det faktisk var ein del pakkar, sjølv om vi berre er to! Eg fekk sjå "Tre nøtter til Askepott" medan Rune slumra på sofaen. Vi såg teiknefilmar og Rune førebudde julemiddagen!
Vi tok oss god tid, og sette pinnekjøtet på panna i 16.30 tida. Så køyrde vi til gravplassen og tente meir lys og sette ein engel på Bjarne si grav.
Det var litt av eit syn å sjå utover plassen, alle "snøholene" som lyste i mørket, og det var snart tomt for folk. Dei stressa heim for å rekke middagen. Så ringte kyrkjeklokkene jula inn. Vi stod ei stund til, stressa ikkje i det heile tatt, vi hadde heile kvelden på oss. Minus 15 grader, måneskin og stjernefylt himmel!

Reiste så heimatt, og inn i varmen igjen. No var det jul. Og middagstid. Nydeleg pinnekjøt til middag, a'la Rune!
Og så koste vi oss med sjampanje og gåver etterpå.
Og det vart ein lang og koseleg kveld hos The Rotevatns!


Tusen takk for alle dei flotte gåvene vi har fått!!

No skal eg lage meg ein kaffe med min nye Dolce Gusto- kaffe maskin som hr. Rotevatn har kjøpt til meg, og så skal vi sjå film og ete ost, kjeks og druer seinare!

GOD JUL!!

torsdag 16. desember 2010

Snart er det skitnesøndag!

Fru Rotevatn kan vel ikkje skryte på seg å vere den perfekte husmor med støv på hjerna og full "orden i sysakene!" Eg har ikkje mykje sysaker, og støvet festar seg på alle andre stader enn på hjerna!
No mot jul merkar eg at det vert lagt eit press på alle husstandar om at vi må vaske ned til jul! Då skal både tak og veggar vaskast, og både utanpå og inni skap! Kvifor det? Kvirfor akkurat no? Det er mørkt kl 15.00, og vert ikkje lyst att før kl 09.00! Støvet visast ikkje likevel! Er det berre fordi ein treng ein frist slik at alle vaskar husa sine grundig ein gong i året?
Og om alt er så reint til jul, vert no alt skittent igjen i løpet av helligdagane. Då spruta det rundt både fett og krem på kjøkkenet, og mykje søfting, støv, papir, nøtteskal og barnåler på stova.
Eg er dog ingen rotekopp, og meiner eg har det høveleg reint i heimen. Trur eg kan ta imot besøk til ei kvar tid... Ja, iallefall med ein times forvarsel!
Men til jul skal ein liksom vaske så fælt! På Facebook skryt så mange av kor mykje dei pussa opp, kor mykje dei har vaska, kor mange kaker dei har baka, kor mange som kjem på besøk, og kor mykje dei skal trene for å komme julematen i forkjøpet! Og alt dette skal dei gjere før jul! Blir stressa ta sånt eg!!

Så fekk eg høyre av mi mor, at det er noko som heiter "skitnesøndag". Det er DÅ ein liksom skal vaske ned til jul. Og den er på den siste søndagen før julaften. Merkar at eg roa meg litt då, for då treng eg berre å vaske 1 dag, samt at det var så lenge til denne dagen då ho sa det. Så inntil då kunne eg no berre kose meg med adventstakar og lys, og ete sjokolade og opne julekalender!

Men no er det altså skitnesøndag om 3 dagar! 3!! Det er vel berre å innsjå det. Jula kjem i år også!
"-som julekvelden på kjerringa"
Det er altså på tide å ta ned kasse nr 2 frå loftet. Der ligg dukar, nissar, englar og skåler som skal fram for å gjere huset enno meir julete. Og så må eg vaske.

Tør eg å vente til måndag? Då kan no berre søndagen få vere skitten!? :)

mandag 29. november 2010

No er det jul igjen...

Julegåver, adventstakar, julestjerner, julelys som skal vere lilla, raude, kvite, sølv, gull? Utelys til treet, krans på døra, julegåver, julekalender, kalendergåver, kubbelys, telys, lysestaker, juleduker, stryking, vinduspussing, julenedvask, juleklede, julekjole, juledress, julelunsj, julebord, arrangement, julegåver, julesangar, julekrans på gravene, gravlys, julebesøk, julebakst, julevask igjen, julegåvepakking, julegåvelevering - og sjeldnare julegåvehenting,
julehelsing på facebook, sms, mms, e-post, julekort.
Julenissar, englar, fuglar, julenek, julegraut, mandel, marsipangris, klementinar, nøtter, tre nøtter til Askepott, hovmesteren, julesjokolade, juleribbe, julefett, spekemat, riskrem, kake, krem, sukker og kaffi,
juletre, juletrepynt, glitter og barnåler over alt i huset,
julegudsteneste, julebrus, julegløgg, juledans, juleøl...


gi meg ein juleparacet...!!




mandag 22. november 2010

Å jul med din glede, og veldig barnleg lyst!!

Så blir det vel jul i år også da! Og for å prøve å vere julete, så passa det med "juleverkstad" sånn i førjulstida!
Og er det noko eg innbiller meg at kan å lage, så er det mormor sine julemanna (kakemanna) Dei er såå gode! :)

Så då fekk eg meg meg kjære Anne på julebakst på lånt kontorkjøkken. Fru Rotevatn vart sett på prøve i kokkekunst! Å jøje meg!



Vi laga 3 deiger, og heldt på i 5 timar, med meir eller mindre effektiv baketid!
Det var laurdagskvelden sin det!!


Julemannane vart meir og meir kreativt dekorert, og fine vart dei ALLE SAMAN!

Må berre vise Anne si juledame til mannen sin :)

No har eg mange julemanna på lur!
Men med herr Rotevatn som ikkje et kaker, så vert det vel mange til overs.
Bra eg har hestar som bur i stallen vår! Hehehe!

søndag 21. november 2010

The Rotevatns har vore "barnevakt"

No er det ei stund sidan eg har skrive noko i bloggen. Kanskje det er fordi eg har hatt ein del å gjort med oppussing av "rocke-doen" (innlegg kjem når den er ferdig) eller kanskje det rett og slett har skjedd for lite spanande med oss! :)
Men forrige helg var vi "barnevakt" til ein liten hundekvalp, Ricco! Det er ein King Charles Spaniel, og han var berre 5 mnd gamal!
Ricco er veldig snill, tillitsfull, leiken, kosete og flink!

Vi koste oss skikkelig med besøket heile helga! Han hadde full merksemd, med mykje leik, turar, massasje, leik, kos, premie-godteri og leik!! Mykje leik altså!


Dette biletet var så skildrande av korleis vi hadde det fredagskveld. Han sprang mellom meg og Rune og var heilt i hundre. Leika og koste seg maks! :)

Fredagskveld kl 23.30 var han heilt gåen! hehe! Han er van med å legge seg kl 22.00.

Det var ofte som om vi passa ein liten unge. Iallefall når det gjeld døgnrytma. Han måtte opp kl 07.00, og då var det berre å ta på seg tjukkejakke og lue, og stappe pysjbuksebeina godt nedi vinterskoa og gå ut på tisse-tur. Ja, altså, kvalpen måtte tisse! Heldigvis var det ikkje lyst ute enno på denne tida av døgnet...
Men etterpå var det berre å "legge han igjen" og så fikk vi sove eit par timar til før det var opp att og til att! Det vart nokså lange dagar denne helga, eg har aldri visst kor lang ein laurdag og ein søndag kan vere! Men du og du så koseleg det er med hund!! Spesielt denne fine hunden!!



Og så har vi gått på utruleg mange turar! Både korte og lange! Søndag gjekk vi rundt Rotevatnet, og då var han heilt skutt etterpå! Berre låg i sofaen og koste seg! Men eit par timar etterpå var det full fart igjen! hehe!!


No har The Rotevatns fått enno meir lyst på hund! 

torsdag 4. november 2010

Hår er vanskeleg!


I juni i år fekk eg så lyst å gjere noko med hårsveisen min.
Litt slitt hår og litt drit-lei-faktor gjorde at eg fekk ordna meg ein lang "bob". Som vart litt kortare ved neste klipp. Det er nokså kort og oppklipt bak, men det skråar framover på sidene. Langt nok til å stroppe det i ein hårstrikk når eg trenar.
Slik har eg hatt sidan sommaren, men det har vorte 3-4 cm lenger enn det som er på bileta her.
No lurer eg på om eg skal spare igjen?
Eg er no så "heldig" (?) å vere velsigna med mykje krøllar, fall og elektriske hår... og alt anna som gjer at håret ikkje ligg glatt. Så om eg skal ha ein ok sveis nokon gong, så må eg bruke glattetang. Som regel vert det anten å samle krøllane med skum etc, eller hårstrikk. Det gjeld uansett om eg har bob eller langt hår. Med bob så kan det kanskje ver litt rart med krøllar...
Så no er det på tide å gå til frisøren igjen, men;

Kva skal eg gjere?? Hjelpe og trøste meg, hår er vanskeleg!!! :(

mandag 1. november 2010

Motivasjonsglimt


Sveittebandet mitt!
Dette fekk eg av Irene når vi trente spinning i Oslo for nokre år sida. Så hadde vi kvar sitt!
Har funne det fram att, og smiler for meg sjølv når eg ser Snoopy,
og trør ekstra tungt på spinningsykkelen, med ekstra motivasjoin!
Takk Irene :)


Lokkemiddel på veg inn til kontoret! :)
Slik såg det ut på kontoret vårt på avslutningsfesten før sommaren!



Litt sommar med skaldyrmat på ein kald, og stormfull oktoberkveld! Dette motiverar til å halde ut vinterhalvåret :)


Det fins vel ikkje så mykje motiverande med dette biletet frå vinteren i fjor!
Men det som motiverar er at vi hjalp mange søte fuglar gjennom den tøffe, kalde vinteren!

tirsdag 26. oktober 2010

Besøk frå Oslo

Fredag fekk The Rotevatns besøk frå vårt kjære, sårt sakna vennepar fra Oslo; Siri og Janick! :)
Vi gledde oss veldig, og det var utruleg kjekt å treffe dei igjen. Vi hadde det så moro, og mimra også mykje om våre år i Oslo ilag. Vi fann vel ut at det er litt for lang avstand mellom Volda og Oslo...
Vi hadde det så innmari gøy denne fredags kvelden, og håper det ikkje vert så lenge til neste gong! Trass avstanden på 60 mil!
Eg og Siri fekk til og med mimre stundene på Studenten i Oslo, der kjærastane våre, Rune og Janick var DJ's, og der vi to var stamgjester!! :) Vi fekk også gjenskape litt minna i musikkkjellaren vår medan DJ Rune mixa eit lite sett for oss!!
Dansa vi litt denne kvelden også? :)

Siri-snuppa og meg!  Miss U!


 Dj Rune (ps: dj-benken har EG LAGA! - skryt)

Janick klarte å lure seg unna kamera, så eg legg inn eit nydeleg bilete av Siri og Jancik fra bryllaupet deira i Las Vegas i fjor. <3

onsdag 20. oktober 2010

Ein finn ikkje noko før ein kjem der det er

Søndag 17. oktober fekk eg eit innfall! (Eller anfall?) Tok meg jammen ein trimtur på Sandhornet på Reset i Volda. Rastlaus som eg var synes eg det var ein lur idé.
Ikkje den høgaste fjelltoppen i verda, men jammen var det BRATT å kave seg opp!
Betre å renne ned eit skitrekk på ski, enn å gå opp i tunge fjellsko!
Med melkesyre, tung pust, men med vind i ryggen kom eg meg opp til slutt. Det er noko anna å trene ute i naturen enn inne på spinningsykkelen på treningssenteret. Eg trudde trening 3 gongar i veka gjorde meg sprek, men eg har tatt feil! Eg vart varm, men vart fort iskald på toppen!



På toppen blåste det ekstremt mykje, klarte såvidt å stå på beina! Det var litt skummelt. Og fekk ein annan fjellgåar som hadde forvilla seg på fjellet til å dokumentere meg på toppen! Vakkert var det no iallefall!
Heldigvis tenkte eg på kos også, så eg hadde med meg kakao på termos  og brunostskive! Må liksom ha noko å motivere meg med! Fann ein lun plass og koste meg glugg med nista mi.
Kikka på sekken min, og leste sitatet frå Ivar Aasen, og smilte.
"Ein finn ikkje noko før ein kjem der det er" Det er eit godt sitat, og det passa denne dagen synes eg.
Rastlaus sofagris fekk litt av ei oppleving denne søndagen!! Og den opplevinga fann eg på fjellet!!

lørdag 16. oktober 2010

Haust...

No er det berre å innsjå fakta, det er haust, og vinteren nærmar seg! :(
Det er ikkje så godt å tenkje på at sola kryp lenger og lenger ned på himlen for kvar dag, og ein må berre innsjå at det vert kaldare og mørkare.
Eg får ei klaustrofobisk kjensle berre ved tanken. Merkar at kroppen ikkje er heilt klar for eit vinterhalvår igjen. Men det er berre å flytte alle ullgensrar lenger ned på hylla i garderoberommet, og pakke vekk bikiniar og tynne klede for godt for i år!

I går såg eg på at sola forsvann ned bak fjellet, og eg såg at den forsvann så fort, og så tidleg på ettermiddagen! Og det vart veldig fort mørkt, som om nokon skrudde av lyset på eit vis. Det var då eg skjønte at eg måtte innsjå at no er den gode, varme lyse tida er over, litt for fort! Den kom no ikkje heilt heller!

Så det er vel berre å fokusere på det positive med hausten då? Og eg slit med å overbevise meg sjølv om positive ting. Men eit par ting er det:
Gode plommer fra eigen hage
nydelege haustfargar
frisk luft
stearinlys
tepper i sofaen
knitring og varme frå vedomnen
raudvin smakar godt igjen
fårikål

Trur eg må tenkje meir på dette, for eg kjem ikkje på meir eg... Eg treng motivasjon og positive ting med hausten! Nokon som kan hjelpe?
Skriv gjerne fleire punkt i kommentarfeltet, så kan eg fylle ut lista meir. Ja, viss det fins fleire positive ting då?

torsdag 14. oktober 2010

DJ Rune - musikk er livet


Rune har ein lidenskap i sitt liv! Ja altså, utanom fru Rotevatn sjølvsagt! :) Det er musikk!
Så lenge det er musikk er det liv, og då er det verdt å leve!

Han har vore DJ sidan før han var gamal nok til å kome inn på utestadar sjølv. Han er DJ enno og kjem nok til å vere det i laaang tid framover!
Det er ikkje få gongar eg har sett på DJ'en min med stoltheit, og har dansa og kost meg til herlege rytmer som han har spela!


I ei periode var han heiltids-DJ på ein av dei største utestadane i Oslo, frå onsdag til laurdag, og det er ofte han drøymer seg tilbake til den tida der! Å kunne utfalde seg og velje i utestadar, å spele på ein torsdag like så godt som ein laurdag, og å bli innleigd til store kjendisevents var heller ikkje så kjedeleg! :)
No har han sin faste plass på laurdagar i Ørsta på Rust Club & Scene, http://www.rustclub.no/ og vert stadig innleigd til andre festlegheiter.
For nokre uttrykker seg med å skrive dikt, ved å trene, eller andre ting, men Rune er avhengig av musikk. Anten å spele den sjølv, eller å høyre på. Og godt er det at vi har laga til ei stue i kjellaren som no er musikkrom!! 
Fru Rotevatn har heldigvis ei tålmodig sjel (!) så ein del dunking har det blitt i veggane i huset vårt! Men det er heilt ok. Har faktisk eigenhendig snikra og mala ein svart DJ-benk til Rune, som no er eit kjempefint møbel i musikkrommet. Stjerne til meg! ;) 


Så kort sagt, der det er musikk er det liv,
og då er det verdt å leve


onsdag 13. oktober 2010

Maling og ny altan!

Slik maler vi altså hus hos The Rotevatns!! :)

Vil berre påpeike at dette er ikkje sjampanje, men cider frå Europris! Hehe!
Men artig bilete var det likevel! Synes no vi!


Verandaen før og etter!!

Dette er vår nye hylle på huset vårt! Herlege veranda!
Takk til pappa og svoger som hjalp oss!



No har vi oppussingspause når det gjeld store prosjekt! Vi har greit nok eit megaprosjekt igjen;
kjøkken og stove! Det må utruleg mykje planlegging til, og vi har ikkje ork til å begynne på det akkurat no.
Det får halde med litt drøyming om kjøkkenløysingar enn so lenge
"I morgon, i morgon, men ikkje i dag" 

Men i haust og i vinter har eg eit lite prosjekt på gong, som eg kan gjere heilt aleine!
Doen i kjellaren!!
Det rommet skal få fargen KIWI!!
In my head, its all in my head... yet...

tirsdag 12. oktober 2010

Gøy på landet!



Jonsokaftan på stranda vår 2010, og resultatet av ein hauststorm i 2009


 Vi har visst ein gamla traktor også vi, og den er kul å bruke ned til stranda! :) Flira meg ihjel!
Sjeldant syn!!

Og hammock har vi fått oss! Nydelig! Flira der også eg!


Fisketur i vår nye gamle båt!  

    
Vår vesle stamgjest i hagen, Pigge!    Ugly (ugla) søv på pipa vår


Eit par ferdige prosjekt

The Rotevatns er ein nokså annleis familie. Vi er berre to, med det er nok å halde styr på det også synes vi.
7 år i leilegheit Oslo og byens fasilitetar har gitt oss gode minner, og set sitt preg på oss,
men vi trivst no her på bygda og.
Vi har nok å ta oss til her også, og oppussing har teke ein god del av fritida vår siste 3 åra.
Som f.eks:


BADET


Deileg, spesielt når ein tek eit kjapt tilbakeblikk:


TRAPP OG ENTRÉ


"To gode naboar" og "ti tommeltottar" har gjort seg kjent for oss! 
Men vi får det no til!  
Før og etter, halvferdig og ferdig!

Skapet passa på millimeteren, og det var litt av eit styr å få det på plass.
Rune måtte krype ut av skuffeholet etter montering av baksida var ferdig!
  

Nøgd!