Ikkje den høgaste fjelltoppen i verda, men jammen var det BRATT å kave seg opp!
Betre å renne ned eit skitrekk på ski, enn å gå opp i tunge fjellsko!
Med melkesyre, tung pust, men med vind i ryggen kom eg meg opp til slutt. Det er noko anna å trene ute i naturen enn inne på spinningsykkelen på treningssenteret. Eg trudde trening 3 gongar i veka gjorde meg sprek, men eg har tatt feil! Eg vart varm, men vart fort iskald på toppen!
Heldigvis tenkte eg på kos også, så eg hadde med meg kakao på termos og brunostskive! Må liksom ha noko å motivere meg med! Fann ein lun plass og koste meg glugg med nista mi.
Kikka på sekken min, og leste sitatet frå Ivar Aasen, og smilte.
"Ein finn ikkje noko før ein kjem der det er" Det er eit godt sitat, og det passa denne dagen synes eg.
Rastlaus sofagris fekk litt av ei oppleving denne søndagen!! Og den opplevinga fann eg på fjellet!!
Knallbra! Eg la deg til i favoritt-lista, eg. :)
SvarSlettTakk for det AM :)
SvarSlett-the Rotevatns-
Likte så godt sitatet "ditt"!
SvarSlettOg sprek er du også :)
Ej berre tenke på at ej skulla vør sprek ej...
Kjekt. Eg er np følgar av Therotevatns.
SvarSlett