lørdag 16. oktober 2010

Haust...

No er det berre å innsjå fakta, det er haust, og vinteren nærmar seg! :(
Det er ikkje så godt å tenkje på at sola kryp lenger og lenger ned på himlen for kvar dag, og ein må berre innsjå at det vert kaldare og mørkare.
Eg får ei klaustrofobisk kjensle berre ved tanken. Merkar at kroppen ikkje er heilt klar for eit vinterhalvår igjen. Men det er berre å flytte alle ullgensrar lenger ned på hylla i garderoberommet, og pakke vekk bikiniar og tynne klede for godt for i år!

I går såg eg på at sola forsvann ned bak fjellet, og eg såg at den forsvann så fort, og så tidleg på ettermiddagen! Og det vart veldig fort mørkt, som om nokon skrudde av lyset på eit vis. Det var då eg skjønte at eg måtte innsjå at no er den gode, varme lyse tida er over, litt for fort! Den kom no ikkje heilt heller!

Så det er vel berre å fokusere på det positive med hausten då? Og eg slit med å overbevise meg sjølv om positive ting. Men eit par ting er det:
Gode plommer fra eigen hage
nydelege haustfargar
frisk luft
stearinlys
tepper i sofaen
knitring og varme frå vedomnen
raudvin smakar godt igjen
fårikål

Trur eg må tenkje meir på dette, for eg kjem ikkje på meir eg... Eg treng motivasjon og positive ting med hausten! Nokon som kan hjelpe?
Skriv gjerne fleire punkt i kommentarfeltet, så kan eg fylle ut lista meir. Ja, viss det fins fleire positive ting då?

2 kommentarer:

  1. Ka med:
    Kakao
    en god film
    ei god bok,
    en ny hobby som feks. blogging
    (eller hekling? ;))
    en liten chat (eller lang!) med ei Oslovenninne
    planlegge Oslotur!...

    SvarSlett
  2. Jaa, det var nokre gode argument Irene!! :)

    SvarSlett