Rune har ein lidenskap i sitt liv! Ja altså, utanom fru Rotevatn sjølvsagt! :) Det er musikk!
Så lenge det er musikk er det liv, og då er det verdt å leve!
Han har vore DJ sidan før han var gamal nok til å kome inn på utestadar sjølv. Han er DJ enno og kjem nok til å vere det i laaang tid framover!
Det er ikkje få gongar eg har sett på DJ'en min med stoltheit, og har dansa og kost meg til herlege rytmer som han har spela!
I ei periode var han heiltids-DJ på ein av dei største utestadane i Oslo, frå onsdag til laurdag, og det er ofte han drøymer seg tilbake til den tida der! Å kunne utfalde seg og velje i utestadar, å spele på ein torsdag like så godt som ein laurdag, og å bli innleigd til store kjendisevents var heller ikkje så kjedeleg! :)
No har han sin faste plass på laurdagar i Ørsta på Rust Club & Scene, http://www.rustclub.no/ og vert stadig innleigd til andre festlegheiter.
For nokre uttrykker seg med å skrive dikt, ved å trene, eller andre ting, men Rune er avhengig av musikk. Anten å spele den sjølv, eller å høyre på. Og godt er det at vi har laga til ei stue i kjellaren som no er musikkrom!!
Fru Rotevatn har heldigvis ei tålmodig sjel (!) så ein del dunking har det blitt i veggane i huset vårt! Men det er heilt ok. Har faktisk eigenhendig snikra og mala ein svart DJ-benk til Rune, som no er eit kjempefint møbel i musikkrommet. Stjerne til meg! ;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar