No er det ei stund sidan eg har skrive noko i bloggen. Kanskje det er fordi eg har hatt ein del å gjort med oppussing av "rocke-doen" (innlegg kjem når den er ferdig) eller kanskje det rett og slett har skjedd for lite spanande med oss! :)
Men forrige helg var vi "barnevakt" til ein liten hundekvalp, Ricco! Det er ein King Charles Spaniel, og han var berre 5 mnd gamal!

Men forrige helg var vi "barnevakt" til ein liten hundekvalp, Ricco! Det er ein King Charles Spaniel, og han var berre 5 mnd gamal!
Ricco er veldig snill, tillitsfull, leiken, kosete og flink!
Vi koste oss skikkelig med besøket heile helga! Han hadde full merksemd, med mykje leik, turar, massasje, leik, kos, premie-godteri og leik!! Mykje leik altså!
Dette biletet var så skildrande av korleis vi hadde det fredagskveld. Han sprang mellom meg og Rune og var heilt i hundre. Leika og koste seg maks! :)
Fredagskveld kl 23.30 var han heilt gåen! hehe! Han er van med å legge seg kl 22.00.
Det var ofte som om vi passa ein liten unge. Iallefall når det gjeld døgnrytma. Han måtte opp kl 07.00, og då var det berre å ta på seg tjukkejakke og lue, og stappe pysjbuksebeina godt nedi vinterskoa og gå ut på tisse-tur. Ja, altså, kvalpen måtte tisse! Heldigvis var det ikkje lyst ute enno på denne tida av døgnet...
Men etterpå var det berre å "legge han igjen" og så fikk vi sove eit par timar til før det var opp att og til att! Det vart nokså lange dagar denne helga, eg har aldri visst kor lang ein laurdag og ein søndag kan vere! Men du og du så koseleg det er med hund!! Spesielt denne fine hunden!!
No har The Rotevatns fått enno meir lyst på hund!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar