Nokon som hugsar denne klumpen her?
Dette biletet vart tatt av Snorre Sprett før han gjekk i dvale i vinter.
Han har sove gjennom månader på eit kaldt gjesterom på loftet.
Han har no våkna, og forrige helg fekk eg helse på han for første gong på 4 mnd. Han stod med rumpa ut av døra i huset sitt då eg kika inn på rommet om natta før eg la meg. Eg gjekk bort og snakka med han og var litt spent på om han kjente att lukt og stemme. Han snudde i døra og gjekk rett bort til meg og strekte seg og stod på bakbeina og snusa opp i mot meg!
Det var så moro!! Eg meiner iallefall bestemt at han kjente meg igjen (!).
Då fekk eg vege han og ta ein kontroll, og han har gått ned omlag 150 gram, og det er heilt innafor etter dvale.
Rune vart litt paff når eg gjekk ein snartur innom vårt soverom med Snorre Sprett i hendene. Sida eg måtte ta han opp for å vege han så kunne no han likegodt få helse på Rune også!
Lillebror Televimsen gav også livsteikn frå seg forrige helg, men han var då ikkje klar til å vakne heilt enno. Så han søv ei veke til i naboburet. Men i natt har han vore oppe og tømt matskåla og vasskåla! Det var ein svolten liten piggsvingutt! Det er han eg er mest spent på, for han var så sjuk i haust.
Fredeleg og godt når dei ligg og søv i dvale, men no vert det liv og røre igjen i piggsvinbura, med skifting av aviser, mating og stelling kvar dag! Men DET er det verdt!
Slik det ser ut no, så har altså begge to overlevt sjukdommar i dvale, og kan sjå fram mot ein spanande vår. Når det blir varmare i veret og dei er friskmelde, skal dei bli sett ut i ein "utegård" der dei skal bli vant med å finne seg mat på eigenhand og lære å leve naturleg. Og når dei er store nok, og har lært seg dette, så blir dei to gode og frie piggsvin-mannar som skal ut og leve livet i det fri.
Enno to piggsvin redda! To er meir enn null!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar