God jul alle sammen!!
1. Juledag i dag, og eg sit i min nye, lyseblå pysj og har fargelagt ei side i mi nye fargebok med mine nye tusjar!
The Rotevatns feira jula i Volda aleine, og det var ein fredeleg og fin julekveld. God frukost, tente lys på gravene, laga riskrem, såg klassikarar på tv, Rune laga pinnekjøtmiddag, og klokka 17.10 sat vi tilbords og spiste deilig middag og drakk julebrus.
Sidan vi er tilsynelatande vaksne så la vi oss på sofaen etter middag, med dei mette magane våre, og sovna faktisk en times tid. Det har eg aldri gjort på julaften før!
I år gjorde eg noko anna eg aldri har gjort før; Eg pynta ikkje tre!! Det er fordi vi ikkje skal få julebesøk denne julehelga, og fordi vi ikkje orka å hente ned alle esker med pynt fra loftet...
Så eg la gåvene under ei plante og hengde ei lita lysenke oppi.
Mange pakker til to vaksne!
Vi sat på golvet og pakka opp, og var litt som born likevel!
Eg tok ikkje fleire bilete dessverre, men dagen var perfekt! Fekk så mykje fantastiske og fine gåver, og blir reint rørt! Snille folk vi har i dei gode familiane våre!
Tusen takk for gåvene! Og takk for ei god og fredfull jul! Vi er heldige og takksame!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar