Alt er seint ute i år.
Pinnsvina går i dvale seint, dei blei født for seint på året
Første snøen kom ikkje før 21. november
Plommer på eine treet kom seint, og blei overraska av snø!

På søndag var det plutseleg 1. advent, og eg hadde ikkje eingong kjøpt inn adventslys! Det kom for brått på, og eg er for seint ute i år!
Flaks at eg hadde kjøpt inn 1 stk ny adventstake, så fekk eg pynta med èin ting til advent.
No er det fredag 4. desember, og vi går inn i 2. advent helga, og eg har nettopp fått ordna til adventslys. Som eg forøvrig ikkje har tent enno. For seint ute! Vi får ha 1. advent laurdag, og 2. advent søndag.

Julegåver er ein annan ting! Det også må jo handlast inn. Det er eg også for seint ute med i år.
Men no har eg fått ordna kosebenken min på kjøkkenet, så eg sitt heller her og lurer på å kome i gang med desember og jul.
Ellers har Televimsen gått i dvale for eit par veker sidan.
Snorre Sprett har vore meget rastlaus, og har fått springe rundt på kjøkkenet og gangen ein halvtimes tid kvar kveld siste vekene. Tjukkebollen! Merka at han var uroleg, og det var noko han søkte etter.
Eg flytta buret hans til yttergangen på laurdagsnatta, der det er kaldt! Det tok han 1 døgn, før han hadde gått i dvale. Så der har ein forklaringa. Han har vore ute av huset sitt 1 gong, og då var det for å hente meir aviser til bolmateriale.
Så no har eg ikkje skifta og rensa bur på 5 døgn!!! Det er jo reint og fint!Fantastisk!
Dei skal etterkvart plasserast vekk i frå gangane, og då blir det godt å rydde bort pinnsvin for ei stund.
Kanskje eg då kan kome i gang og lage til meir jul, bake litt og handle julegåver?
Eller, kanskje drøye det nokre dagar til.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar