Dette er inga ekte skjorte!
Eg har ei ekstragåve til ein kar i familien, og akkurat det som skulle pakkast inn til han vert ei litt "kjedeleg" pakke å opne.
Så eg googla meg ut i internettets verden, og fann ein artig måte å pakke inn julegave på, som gjer at pakka likna ei skjorte!
Så her har eg brukt blått innpakningspapir, og eit raudt sløyfeband, medan eg såg på youtube på mobilen og bretta og klipte i veg.
Den lille lomma laga eg til av eigen fantasi. Grunnen var at eg ikkje ville klistre på ein til-frå-lapp rett på skjorta. Så lappen er limt på ein liten bretta sløyfebit som ligg i lomma, og med ein liten tape-bit på slik den ikkje skal ramle ut.
Ser eigentleg ut som ei blå silkeskjorte!
Kan ikkje skrive kva det er inni her, for personen KAN sjå dette før jul.
Ellers har eg "baka" eit kakeslag til før jul.
Det vil sei, eg har brukt 20 kr på denne sorten, og berre dyppa kjøpe-pepperkaker i sjololade og hatt på strøssel.
Det vart kjempegodt med sjokolade på pepperkaker!
Alle kaker eg har laga er prøvesmaka, ellers ligg dei urøyrt.
Skal ta med meg ein blandingsboks heim til mor og far til jul!
Trur dei likar kaker meir enn Rune og meg.
Rune likar eigentleg ikkje søte kaker, men eg har tvinga i han ein bitteliten prøvebit av mi prøvekake kvar gong. "Det var søtt ja, sikkert godt for den som likar slikt" er svaret. Så får satse på at han har rett.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar