fredag 25. desember 2015

Gode jula 2015

God jul alle sammen!! 

1. Juledag i dag, og eg sit i min nye, lyseblå pysj og har fargelagt ei side i mi nye fargebok med mine nye tusjar! 
The Rotevatns feira jula i Volda aleine, og det var ein fredeleg og fin julekveld. God frukost, tente lys på gravene, laga riskrem, såg klassikarar på  tv, Rune laga pinnekjøtmiddag, og klokka 17.10 sat vi tilbords og spiste deilig middag og drakk julebrus.

Sidan vi er tilsynelatande vaksne så la vi oss på sofaen etter middag, med dei mette magane våre, og sovna faktisk en times tid. Det har eg aldri gjort på julaften før!

I år gjorde eg noko anna eg aldri har gjort før; Eg pynta ikkje tre!! Det er fordi vi ikkje skal få julebesøk denne julehelga, og fordi vi ikkje orka å hente ned alle esker med pynt fra loftet...

Så eg la gåvene under ei plante og hengde ei lita lysenke oppi. 
Mange pakker til to vaksne!

Vi sat på golvet og pakka opp, og var litt som born likevel! 
Eg tok ikkje fleire bilete dessverre, men dagen var perfekt! Fekk så mykje fantastiske og fine gåver, og blir reint rørt! Snille folk vi har i dei gode familiane våre! 

Tusen takk for gåvene! Og takk for ei god og fredfull jul! Vi er heldige og takksame!

torsdag 17. desember 2015

Artig innpakning og lettvint julekake



Dette er inga ekte skjorte!

Eg har ei ekstragåve til ein kar i familien, og akkurat det som skulle pakkast inn til han vert ei litt "kjedeleg" pakke å opne.
Så eg googla meg ut i internettets verden, og fann ein artig måte å pakke inn julegave på, som gjer at pakka likna ei skjorte!
Så her har eg brukt blått innpakningspapir, og eit raudt sløyfeband, medan eg såg på youtube på mobilen og bretta og klipte i veg.
Den lille lomma laga eg til av eigen fantasi. Grunnen var at eg ikkje ville klistre på ein til-frå-lapp rett på skjorta. Så lappen er limt på ein liten bretta sløyfebit som ligg i lomma, og med ein liten tape-bit på slik den ikkje skal ramle ut.
Ser eigentleg ut som ei blå silkeskjorte!
Kan ikkje skrive kva det er inni her, for personen KAN sjå dette før jul.

Ellers har eg "baka" eit kakeslag til før jul.
Det vil sei, eg har brukt 20 kr på denne sorten, og berre dyppa kjøpe-pepperkaker i sjololade og hatt på strøssel.
Det vart kjempegodt med sjokolade på pepperkaker!

Alle kaker eg har laga er prøvesmaka, ellers ligg dei urøyrt.
Skal ta med meg ein blandingsboks heim til mor og far til jul!
Trur dei likar kaker meir enn Rune og meg.

Rune likar eigentleg ikkje søte kaker, men eg har tvinga i han ein bitteliten prøvebit av mi prøvekake kvar gong. "Det var søtt ja, sikkert godt for den som likar slikt" er svaret. Så får satse på at han har rett.

torsdag 10. desember 2015

Stormbaking

 
Fru Rotevatn har leita fram juleforkledet og innbilt seg at ho kan bake igjen!

Når ein sitt i sofaen og hører stormen dra seg til utanfor stoveveggane i svarte mørket, så er det berre ein ting å gjer...
Å høyre på musikk og gjere noko som tek tankane vekk frå vêret. Og ikkje lytte til anna enn musikken.
Dette vart resultatet i går:

"Kvepsebol"
Det skulle bli 60 kaker, men eg fekk 34 stk, og dei vart litt store og flate. Men himla gode! Margens med hakka mandlar og sjokolade inni!
Stettfatet er bittelite i tillegg altså, samme med kakeboksa bak, så dei er ikkje SÅ store som dei ser ut.


"Kolakaker"
Desse smakar karamell og vanilje, er enkle å lage og supergode!

Det er ingen tradisjonelle julekaker nokon av desse kanskje, men eg tenkte å la vere å lage julemenn i år.
Dessutan, eg trengte ikkje å kjøpe inn noko ekstra for å lage desse kakene. Hadde alle ingrediensane i skapet.
Eg høyrde heller ikkje på julemusikk når eg bakte i går kveld, det var rock.
Da blei det litt annleis kaker.

Tru om eg skal lage noko meir i år?
Det blir vel fleire stormar, så...
 
 

fredag 4. desember 2015

For seint for brått

Alt er seint ute i år.
Pinnsvina går i dvale seint, dei blei født for seint på året
Første snøen kom ikkje før 21. november
Plommer på eine treet kom seint, og blei overraska av snø!

Dette er IKKJE Snorre Sprett og Televimsen, sjølv om det ser slik ut!



På søndag var det plutseleg 1. advent, og eg hadde ikkje eingong kjøpt inn adventslys! Det kom for brått på, og eg er for seint ute i år!
Flaks at eg hadde kjøpt inn 1 stk ny adventstake, så fekk eg pynta med èin ting til advent.

No er det fredag 4. desember, og vi går inn i 2. advent helga, og eg har nettopp fått ordna til adventslys. Som eg forøvrig ikkje har tent enno. For seint ute! Vi får ha 1. advent laurdag, og 2. advent søndag.


Julegåver er ein annan ting! Det også må jo handlast inn. Det er eg også for seint ute med i år.

Men no har eg fått ordna kosebenken min på kjøkkenet, så eg sitt heller her og lurer på å kome i gang med desember og jul.

Elskar å sitje her med ein kaffekopp, surfe på mobil eller lese ei god bok. Kan sitje i timevis!
 
Ellers har Televimsen gått i dvale for eit par veker sidan.
Snorre Sprett har vore meget rastlaus, og har fått springe rundt på kjøkkenet og gangen ein halvtimes tid kvar kveld siste vekene. Tjukkebollen! Merka at han var uroleg, og det var noko han søkte etter.

Eg flytta buret hans til yttergangen på laurdagsnatta, der det er kaldt! Det tok han 1 døgn, før han hadde gått i dvale. Så der har ein forklaringa. Han har vore ute av huset sitt 1 gong, og då var det for å hente meir aviser til bolmateriale.

Så no har eg ikkje skifta og rensa bur på 5 døgn!!! Det er jo reint og fint!Fantastisk!
Dei skal etterkvart plasserast vekk i frå gangane, og då blir det godt å rydde bort pinnsvin for ei stund.

Kanskje eg då kan kome i gang og lage til meir jul, bake litt og handle julegåver?
Eller, kanskje drøye det nokre dagar til.