fredag 30. oktober 2015

For seint i år...

Snorre Sprett og Televimsen er to pinnsvingutar eg har hatt i pleie frå slutten av september.
Dei var ca 250 gram då dei kom til meg, og då var dei altfor små til å klare seg sjølv ute. Det viste seg at begge hadde lungeorm, og dei har fått medisinar mot det. Men den ormen er innmari seig å bli kvitt, så dei har ikkje blitt heilt friske enno.

Dei er derimot flinke til å ete mat, og dei er oppe i ca 800 gram og 650 gram! Store gutar har dei blitt! Og meget aktive!

Dette er Snorre Sprett for nokre veker sidan
Her får han gå på golvet for å trimme. Det vil sei han spring og snusa rundt!
Han likar faktisk å bli klødd litt i panna, det er ikkje så ofte pinnsvin likar slikt. Han her er nok eit unntak. Han er ein "mamma-gut", om ein kan kalle pinnsvin det.
Har nok blitt det pga all medisinering, og det var han som la seg til å sove inntil magen min også. Han trengte nok ein del nærheit. Spesielt før "fosterbror" kom i hus.

Televimsen derimot er ikkje kosete.
Han er ein liten vimsete hissigpropp! Han har vore mykje sjuk han også, og er ikkje so glad i den medisineringa.

No er det straks november, og det har allereie vore frost på natta. Det vil seie at det er for seint for desse to å bli sett ut i det fri no. Dei måtte ha vore på tilvenning i ei innhegning med hus først, for så å bli sett fri. Og det rekk vi ikkje i vinter. Dei er fødd altfor seint på året...

Så desse to er for tide inne hos oss i gangen, i kvar sitt bur. Dei får medisinar, stell, og trim på ganggolvet. Når dei blir heilt friske, og begge rundt 8-900 gram, så skal dei gå i dvale.
Så eg går berre og håper på friskmelding snarast, og at dei legg på seg enno meir, og at dei skal sovne godt inn før desember...






Hos dyrlegen 29. oktober (i går).
Snorre Sprett sjarmerte damene og dei fikk meir enn gjerne lytte på han og halde han.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar